English

Vidnesstøylen

Vanylven

Kort om turen

Dette er ein flott og variert tur med nydeleg utsikt. Turen går jamnt bratt heile vegen med nokon få flatare parti. Turen vekslar mellom ulikt terreng og er såleis spennande også for barn. Kan vere noko vått, så gode sko anbefalast.  

Ruteskildring

Frå turparkeringa går du på asfalt eit par - tre hundre meter før du tek til høgre opp mot støylen. Turen er skilta i starten og vidare godt merka med blå merkepinnar eller maling på steinar o.l. Turen går på grusveg og traktorveg før du kjem inn på stien. Når du kjem opp til hytta held du til venstre og følgjer traktorvegen. Turen fortset så gjennom granskog før det opnar seg meir opp. Det er jamt bratt oppover. Omlag halvvegs oppe kryssar du Vidneselva på steinar. Etter elva kjem det eit litt flatare parti før siste kneika opp til Vidnesstøylen. Her har du ei nydeleg utsikt mot Sylte og utover mot Stad, Slagnes og Nordstranda.

Tilkomst og parkering

Turen startar i Syltefjorden. Det er god og gratis parkering ved Syltefjord bygdehus som ligg ved Vanylvsvegen, omlag 7 km frå Fiskå, retning Åheim.
Fottur
Blå
Lengde
2,25 km en vei
Stigning
391 m
Tidsbruk
2 t. 10 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
399 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ukjent

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,3
Grus 0,3
Køyreskildring
Print ut