English

Veten frå Skredestranda

Sande

Kort om turen

Veten ligg på sørsida av Gurskøya og vestsida stuper bratt ned til Nyksvatnet. God utsikt mot havet og øyane i ytre Sande, du ser også mot Sunnmørsalpane, fjella i Herøy, Sande, Volda og Vanylven. Veten har namnet sitt etter det gamle varslingssystemet med eldvardar som var langs kysten. Der er sikteskive og Larsnes IL har trimpost på toppen.

Ruteskildring

Start ved den nedlagde skuleplassen på Slettestøl eller ved Årvik ferjekai. Frå Slettestøl: Råsa startar i vestlegaste hjørnet av skuleplassen, der går ein traktorveg, den skal du ikkje gå for råsa går beint opp igjennom skogen i svingen på traktorvegen. Råsa går i sikksakk bratt oppover skogen, går så eit stykke mot vest til den møter råsa frå Årvik. Frå Årvik ferjekai: Gå fv 61 ca 100 m og gå opp ein privatveg ca 150 m, etter ei løde går du opp ein traktorveg ca 40 m, der byrjar råsa og går til venstre oppom ein steingard og fyljer den nordvestover ca 250 m, råsa går så mot nordaust opp gjennom tett skog til den møter råsa frå Slettestøl. Råsa går så nordaustover til du kjem oppom skogen, går så mot nord over ei myr, når du har passert ei lang bru tek du til venstre i første kryss og til høgre i andre kryss (godt skilta mot Veten) Råsa går så bratt oppover på austsida av Nyksvatnet og svingar mot aust over ei myr og deretter opp berga og kjem opp på lavaste punktet ved Lisjevetevatnet, svingar så vestover opp til toppen av Veten.

Tilkomst og parkering

Frå sør (Vanylven) Køyr fv 61 til Koparnes ferjekai, parker her og ta ferja til Årvik. Frå vest (Sande) Køyr fv 61 til Årvik og ta av frå fv 61 ved Årvik ferjekai og køyr kommunevegen 700 m og ta til venstre i kryss før Liset feriesenter, køyr 150 m og parker på den nedlagde skuleplassen.

Frå sør: parkeringsplass ved Koparnes ferjekai. På Sandesida: God parkering på den nedlagde skuleplassen på Slettestøl.

Fottur
Blå
Lengde
4,25 km tur/retur
Stigning
439 m
Tidsbruk
2 t. 10 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
458 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 4,25

Offentleg transport

frammr.no til Årvik eller Koparnes

Kart

Turkart Sande kommune, M711 1119 III, norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut