English

Vassverket - Fiskå

Vanylven

Kort om turen

Dette er ein fin tur for deg som treng litt ettermiddagsluft eller for familiar og barn som er ute på ein av sine første turar. Ein går på veg heile tida, og kan slik ha med barnevogn. Frå plassen rundt Vassverket er utsynet over Fiskå, og over til Slagnes flott. Her er både eit bord å sitje på og ein liten ”huk” med tak over om det regnar. 

Ruteskildring

Parker ved Combisenteret/Rådhuset på Fiskå. Herifrå ser ein torvtaket på Vassverket oppe i fjellsida. Kryss riksvegen og ta til venstre bortover gangvegen ca 100 meter. Ta til høgre ved grønt skilt og følg asfaltert veg mot fjellet. Rund første låve på venstre side og hald fram oppover. Det blir etterkvart grusveg. I skogen deler grusvegen seg i to. Følg grøn pil mot høgre i krysset(her kan du også velje å følgje blå pil og kome til Nupen, sjå annan tur). Rundt neste sving ser ein målet.

Tilkomst og parkering

Følg skilting til Fiskå sentrum, og parker ved Combisenteret/Rådhuset.
Fottur
Grønn
Lengde
1,24 km en vei
Stigning
125 m
Tidsbruk
1 t. 0 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
131 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 1,5
Grus 1

Kart

På tur i Vanylven - kan kjøpast i butikkar og på bensinstasjonar
Køyreskildring
Print ut