English

Vasseidet på Remøy

Herøy

Kort om turen

Vasseidet ligg 162 meter over havet. Frå toppen er det utsikt til Runde og Rundebranden, Kvalsvika på Nerlandsøya og Fosnavåg og Leinøya. 

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen tek du til venstre og følger den gamle bygdevegen mot Sævik. Etter ca 800 m på asfaltert veg kjem du til eit postkassestativ. Der er det skilta med retningsviser til Stikk-UT turen. Du går opp vegen og fyl råsa mellom og bak husa til du kjem opp på Sjerva. Der fyl du råsa i ca 1,2 km i lett kupert terreng utover, og går på venstre side av Lisjevatnet og Storevatnet. I enden på Storevatnet er der merka rås til Vasseidet. Her er det ei lita stigning opp gjennom Hesthaugskaret. Derfrå går råsa til høgre og opp til Vasseidet. Råsa er merka med skilt og røde stikker.

Ein fin avstikker før siste stykket mot toppen er å gå rett fram gjennom Hesthaugskaret. Der er det le for nordavinden og på ein heldig dag kan en sjå ørn og ravn i Arefjellsvika og Ravnejøtten, eller sel som leikar seg i bølgene ved Barane. Å sjå sola gå ned ii horisonten frå denne staden, er magisk.

NB.
Råsa er tidvis våt, så bruk eigna skotøy.
Vil du ha ein lengre tur kan du følge den merka råsa til Sævikhatten 191m og vidare til Remøykammen. Det er fullt mogeleg å gå ned ei merka rås ved Remøykammen for så å gå vegen attende til parkeringa. Dette gir ein fin rundtur med utsikt til Ålesundregionen og Nordøyane

Tilkomst og parkering

Følg hovudvegen til Runde, midt på Remøya ved kykjegarden er det offentlig parkering.

Fottur
Grønn
Lengde
2,18 km en vei
Stigning
164 m
Tidsbruk
1 t. 30 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
159 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut