English

Vardehornet på ski

Volda

Kort om turen

Dinglavatnet og Vardehornet er populære turmål og er like fine med ski på beina som til fots elles i året. Turmålet er lett tilgjengeleg nord for busetnaden i tettstaden Volda. Sidan turen stort sett går på skogsveg, er det lett terreng å gå i og mange tek turen med hovudlykt i mørket.

 

Ruteskildring

Start ved bommen ved parkeringsplassen like før Håmyra byggefelt. Følg skogsvegen heilt til Dinglavatnet. Undervegs passerer du Panoramavegen, Prestesætra der det er ein gapahuk, og minnesteinen over dei falne i Røyshyttebakken. Røyshyttebakken var ein av fleire hoppbakkar i Volda. Frå Dinglavatnet følgjer du ryggen vestover til Vardehornet. Om du ikkje vil gå via Dinglavatnet, kan du ta av før siste svingen på skogsvegen, knapt 450 m.o.h. (ruta er markert på kartet)

Ryggen frå Dinglavatnet til Vardhornet kan vere utsett m.o.t. vind, så ta gjerne med litt ekstra klede. Ruta er ikkje rasutsett, men ikkje gå for langt ut på kanten på ryggen. Der kan vere skavlar.

Nedturen frå Vardehornet er kjekkast å ta direkte ned frå høgste punktet litt før skilta og ned til skogsvegen. Her er det ofte fint svingeføre i laussnø. 

Lurer du på om det er skiføre? Du kan finne informasjon på desse facebooksidene: Melshornets vennerFriluftsforeninga Volda og StikkUT! Friluftsforeninga Volda

Tilkomst og parkering

Med bil frå Volda sentrum: E39 retning mot Stryn. I rundkøyring like etter Volda campus arena: Køyr rett fram (Vikebygdvegen), så første veg til venstre (Heltnevegen) og følg denne til du kjem til Raudemyrvegen. Følg Raudemyrvegen ca. 1 km, til du kjem til ein parkeringsplass og skogsveg, like før Håmyra byggefelt.   

Til fots: Frå høgskulen (Berte Kanutte-bygget) følg denne ruta: Opp Røystunvegen - Hegghola - Røyslidvegen - Smalebakken - gangveg mellom Smalebakken 17 og 21.

Skitur
Blå fjellski
Lengde
6,83 km en vei
Stigning
432 m
Tidsbruk
2 t. 0 min.
Sesong
Vinter
Høyeste punkt
595 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Kart

norgeskart.no eller Turkart Volda
Køyreskildring
Print ut