English

Ulvestadsetra frå Vassverket på Vatne

Haram

Kort om turen

Turen til Ulvestadsetra ovanfor Vatne går på grusveg og har jamn stigning heile vegen. Turen er brukt året rundt både som kjapp kveldstur og som eit turmål for dei minste. Vinterstid vert vegen ikkje brøyta, men det vert fort gått opp tråkk. 

Ruteskildring

Frå parkeringsplass ved Vassverket startar grusvegen flatt, for så raskt å stige jamnt heile vegen til Ulvestadsetra. Det er plassert ut benker/bord undervegs, slik at både små og større kan kvile føtene. Ca 100 meter frå toppen kan ein sjå ein sti ta av frå vegen, denne er godt opptrakka. Dette er ein snarveg til toppen - det er dermed valfritt om ein fylgjer denne eller tek vegen heilt til topps. Ulvestadsetra er også turmål for IL Ravns Fjelltrim-postar, og ved turmål står bord + postkasse-stativ. Ynskjer ein å forlenge turen, går no grusvegen over i ein grovare traktorveg som går forbi Ulvestadsetrane og fører fram mot Ulvestadvatnet, som er drikkevasskjelda til Vatne og Tennfjord. 

Tilkomst og parkering

Parkering ved Vassverket på Vatne (Bakkegjerdet 60). Her er det plass til rundt 15 bilar. Ynskjer ein ein lengre tur, kan ein parkere f.eks ved Vatne Barneskule og følge asfaltert veg oppover. 

Fottur
Grønn
Lengde
1,36 km en vei
Stigning
164 m
Tidsbruk
1 t. 5 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
289 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 2,72

Offentleg transport

Turen vert ein del lengre ved å gå frå Vatne sentrum, som er nærmaste buss-stopp. Ein går då på asfaltert veg opp til Vassverket/ Bakkegjerdet 60.

Anna

Turen er eit fint utgangspunkt for lengre turar i nærområdet. 

Køyreskildring
Print ut