English

Niven frå Rystefeltet

Ørsta

Kort om turen

Turen til Niven er fin med jamn stigning første og siste del. Midt partiet er rimeleg flatt inn over Osdalen. Her er fleire flotte pause plasser. Gapahuken ved inngang til Osdalen og benk ved badedammen før Ossetra. Turen er fin for både trening og saman med borna kvardag som helg.

Ruteskildring

Frå parkering ved Lunneplassen kan du gå både skogsvegen eller stien. Frå nederste parkeringsplass ved stengt veg, følg vegen til Lunneplassen. Informasjonstavle er ved Lunneplassen. Følg skogsvegen ca 100 meter så startar stien. Det er jamn stigning heile vegen til gapahuken. Langs skogsvegen er ei sittegruppe i stein litt over halvvegs til gapahuken. Fint å ta ei pause her om det er behov. Ein får auge på gapahuken etter ca 0.8 km. Vidare går ein inn i Osdalen, like før Ossetra tek en til høgre ved krysset som er merka til Niven. Etter 200 meter kjem ein til elva, der er høve med ei pause på benken eller eit bad. Turen vidare går oppover Presteskaret i stien som har enkelte våte parti. Kjem så til eit kryss der ein tek til høgre. På toppen får er flott utsikt mot Hovdebygda, Ørstafjorden og fjella rundt.

Tilkomst og parkering

Frå E39 ta av mot Rystefeltet. Der er informasjonstavle ved starten av Rystefeltet. Det er mogleg å kjøre både Leitevegen og Osborgvegen for å kome inn på Oklavegen. Frå Oklavegen ta inn på Osskarvegen, og kjør 450 meter til parkering ved Mørenett eller 700 meter vegen er open. MØRENETT HAR GITT LØYVE TIL PARKERING AV BILER, MEN VIKTIG Å IKKJE STENGE TILKOMST TIL BYGGET. DER ER 5-6 OPPMERKA BILPARKERINGSPLASSAR. NÅR VEGEN TIL ØVRE PARKERINGSPLASS/LUNNEPLASS ER STENGT SJÅ BILDE.

Fottur
Blå
Lengde
4,79 km tur/retur
Stigning
407 m
Tidsbruk
2 t. 15 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
561 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0.8
Sti 4.85

Offentleg transport

Ved E39 er der busstopp frå Volda ved inngangen av Rystefeltet,følg så gangvegen til infotavle. Frå Ørsta ca 300 meter forbi krysset, kan då gå tilbake til infotavle ved inngangen av Rystefeltet.

Kart

Sunnmøre
Køyreskildring
Print ut