English

Trollkyrkjebotn frå Hauge

Fjord

Kort om turen

Fin tur frå fjord til fjell og til eit spesielt landskap i olivinstein. Turruta passerer tre sætrar med fjordutsikt. Når du er komen til Nysætra er dei brattaste bakkane unnagjort, herifrå går det slakt oppover og innover mot Trollkyrkjebotn, under det særmerkte fjellet Trollkyrkja. Turen er skildra fram til den gamle steinbua av olivinstein.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen på Hauge (400 moh.) følgjer du asfaltveg ca 350 meter vidare austover til du kjem til sætervegen som startar på venstre side, skilta til Nysætra. Følg setervegen (grusveg, privat veg) 2,5 km oppover til rasteplassen på Nysætra (ca 680 moh).

Vidare går du på merka sti,skilta til Trollkyrkjebotn. Stien går rett til høgre/aust for øvste hytta og slakt vidare oppover Insteheia, ca 200 høgdemeter i lettgått terreng, med Mefjellet (1100 moh.) i vest og Hegguraksla (1219 moh.) i aust. Derifrå går stien i lia innover mot Trollkyrkjebotn i nokolunde jamn høgde, 5 km.  NB! feil km oppgitt på skiltet.

Når du kjem innover mot botnen har du elva brusande nedanfor til venstre og det raudoransje olivinlandskapet mot nord. Du kan sjå stien som kjem frå Heggjesætra i Valldal på andre sida av elva. Etterkvart vil stien forsvinne, men følg godt med på merkinga med raude V-ar og vardar. Kryss elva, her går dei to stiane saman.

Sving av oppover mot aust i fint høgfjellsterreng med Sandfjellet rett imot. Ved ein skiltstolpe svingar du mot nord att. Skiltstolpen står i sjølve Trollkyrkjebotn, og herifrå er det 3-400 meter att til steinbua med turkassa. Ho finn du på sørvestsida av det høgste punktet i olivinlandskapet (1100 moh.). Følg raude merke. Ver merksam, det er lett å gå forbi då hytta går i eitt med landskapet. 

Om du ønskjer eit ekstra utkikspunkt kan ein topptur til varden på Sandfjellet (1192 moh.) vere verdt å få med seg. Gå opp i sida mot søraust. Ver merksam på laus stein og sand. Her er det ikkje merka.

Til info: Turar i området er merka med raud V for verdsarvområde.

Alternativ
Det er også muleg å starte turen til frå Heggen i Valldal. Sjå eigen turomtale "Trollkyrkjebotn frå Heggen". 

Det er også fint å gjere dette til ein rundtur, men då trengs det bilar to stadar (eller kontakt Valldal Taxi, tlf 90906210).

Frå Trollkyrkjebotn kan du også gå ned til Myreheivatnet (849 moh) og derifrå følge delvis merka rås ned til Gudbrandsjuvet eller Heggjesætra (sjå kart).

Tilkomst og parkering

Frå Sylte, sentrum i Valldal, køyrer du først gjennom tunnellen mot Fjørå og Tafjord. Frå Fjørå kai følgjer du skilta veg mot Selboskar. Vegen slyngar seg oppover fjellsida og når du kjem til Selboskar deler vegen seg. Køyr til høgre (180 grader sving). Etter ca 250 meter kjem du til merka parkeringsplass på nedsida av vegen på Hauge (400 moh.).
Fottur
Rød
Lengde
7,96 km en vei
Stigning
784 m
Tidsbruk
6 t. 0 min
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
1121 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,3
Grus 2,5
Sti 4,5
Ingen sti 0,6

Anna

I Trollkyrkjebotn står det ei særmerkt hytte i raudleg olivinstein. Dette er ei steinbu bygt av Sigurd Hjelme. Ho er opa og kan gi litt ly for veret. Olivinsteinen gjer at landskapet kan minne om ørken. Trollkyrkjebotn har namnet sitt etter fjellet Trollkyrkja som ligg 1762 moh. Fjellet ligg aust for botnen, toppen er spiss og kan likne eit kyrkjetak. Grusvegen går forbi tre sætrar for gardane i Fjørå; Nestestølen, Høgsætra og Nysætra. Her er ein del hytter og det er eit populært turområde.

Kart

Turkart for Norddal 1:50 000, Tafjordfjella 1:50 000

Lenke til turskildring

Trollkyrkjebotn frå Heggen i Valldal: https://morotur.no/tur/trollkyrkjebotn-fraa-heggen
Køyreskildring
Print ut