English

Lyngfjellhola frå Torvika

Vanylven

Kort om turen

Turen til Lyngfjellhola er relativt kort, men har jevn stigning på sti mot eit lite "platå". Flott utsikt, og med oppsett hengekøyestativ. 

Ruteskildring

Turen startar øverst i byggefeltet i Åheimslida. Ein går opp anleggsvegen, mot brønnen som forsyner byggefeltet med vatn.
Etter omlag 600 mtr på grus begynder stien, her er også eit sti-kryss som er skilta. Ein går stien mot høgre, som er greit merka mot Løvollsnipa. Ein går først i nordlig retning, før ein svingar sørover og svingar opp på platået ved Lyngfjellhola ca 1.5 km frå start.
Her er to sammenraste fangst-graver frå tidenes morgen, i nærheta av sjølve varden, dersom nokon har interesse  av det. Den eine står 50-60 mtr over stien, 100- 150 mtr før varden og den andre er er forbi varden og ned i bakken et stykke.
Dei kan vere litt vanskelige å finne, då mose og terreng skjuler dei, men veit du kva du leitar etter so finn du dei.
Ei nydelig utsikt i lyngfjellhåla, her du ser både mot Nordfjord og Stadten/ Vanylvsfjorden.
Fottur
Grønn
Lengde
1,16 km en vei
Stigning
236 m
Tidsbruk
1 t. 10 min.
Sesong
Sommer
Høyeste punkt
378 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut