English

Svartvassparken

Surnadal

Kort om turen

Dette er ein kort, med koseleg sentrumstur etter jamn og fin grussti. Her er det søget frå elva som dominerer, og ikkje støyen frå trafikken. Langs stien er det også med jamne mellomrom benkar å raste på, så dette er også ein fin plass å gå for den som er dårleg til beins.

Ruteskildring

På nersida av butikksenteret, rett ned for inngangen til Europris, startar ein tursti langs elva. Her går du ned og følgjer stien i retning Skei. Du kjem til ein leikeplass på høgre side, men passerer denne. Når du kjem til neste leikeplass, den ved pergolaen, er du framme ved turmålet. Stolpen med kodeplata står på høgre side når du svingar inn på plassen.

Bur ein i Nedre Surnadal, eller ønskjer ein lengre tur, er det sjølvsagt fullt av mulegheiter til å laga seg sin eigen favorittrunde i sentrum. Vi anbefaler deg uansett å inkludere stien nede ved elva i runden din. I forhold til dei andre vegane på Skei er den eit roleg pusterom, og vil vera den opplagte godbiten i einkvar rundtur i dette området.

Tilkomst og parkering

Du finn startpunktet for denne turen på nersida av Alti Surnadal, rett ned for inngangen til Europris.

Fottur
Grønn
Lengde
0,88 km en vei
Stigning
6 m
Tidsbruk
30 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
5 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Det går mange bussar innom Skei, men ein bør kanskje ha fleire ærend i sentrum for å få det til å passe med avgangane.

Anna

Det er toalett på nersida av stien ved turmålet.

Køyreskildring
Print ut