English

Sunndalssætra og Sunndalssætrevatnet

Volda

Kort om turen

Dette kan ein virkelig kalle ei skjult perle. Sunndalssætra ligg idyllisk til innst i Sunndalen i Austefjorden, med høge fjell på kvar side. Å ta turen vidare til naustet ved Sunndalssætrevatnet/Grønevatnet er absolutt å anbefale.

Ruteskildring

Start er skilta ved Sunndalsvegen. Første 300 m går på eldre, gjengrodd skogsveg. Når det er slutt på denne skogsvegen, går turen vidare på god sti som er merka med raude merkepinnar. Det går jamnt oppover frå 75 moh. til 375 moh. Like før du kjem til setra, skal du krysse elva på ei eldre steinbru. Frå setra er det lett å finne stien vidare til Sunndalssætrevatnet. Den er skilta. Frå setra og opp til naustet ved vatnet er det 70 høgdemeter/700 meter, 15 - 20 minutt gange. Returen frå setra har vi tatt på andre sida av elva. Ta av til Haralddalen like nedanfor setra. Du skal altså ikkje krysse elva. Følg stien i 500 m til du kjem inn på vegen til kraftverket. Følg vegen ned att til start.  

Tilkomst og parkering

Frå Volda køyrer du E39 mot Stryn. Etter Fyrdsbergtunnelen tek du av mot Straumshamn. Køyr forbi padda og følg skilting vidare mot Straumshamn ved ei bru. Om lag 200 m etter brua ser du skilt til Sunndalen. Følg Sunndalsvegen til du kjem til Høybakk innst i Sunndalen. Du passerer turskiltet til Sunndalen. Parkering ved vegen som går opp frå Høybakk innst i Sunndalen, skilta til Haralddalen. Du kan parkere oppe i første svingen. Det er også plass til eit par bilar ved turskiltet til Sunndalen

Fottur
Blå
Lengde
6,05 km en vei
Stigning
385 m
Tidsbruk
2 t. 30 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
446 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,6
Grus 0,7
Sti 4,7

Lenke til turskildring

Køyreskildring
Print ut