English

Storhjellsætra i Eidsdal

Fjord

Kort om turen

Turen til Storhjellsætra går etter gamlevegen Kleivane, og i ei frodig skogsli. Det er ein familievenleg tur i ganske lett terreng. Undervegs passerer du Veibergsætra og kanskje møter du sauer på beite.

Ruteskildring

Følg traktorvegen som går nedover mot aust. Han svingar seg nedover Kleivadalen, og her går du på gamlevegen "Kleivane" det fyrste stykket. Etter nokre hundre meter, er det skilta til høgre/aust mot Storås og Veibergsætra. No følgjer du råsa ned til elva og krysser over på ei smal bru. Vidare på rås i lett stigning utover lia mot nord. Du går hovudsakleg i lauvskog, og kjem etter kvart til Veibergsætra. Her står det att eitt sel og i tillegg imponerande murar etter eit anna. Setervollen er noko prega av attgroing, men framleis er her flott utsyn over fjella ikring, og tvers over dalen til gardane på Rønneberg og Kilsti. Her er òg ein lokal turpost.

Hald fram vidare ut lia. Like etter setra, kryssar du ein bekk og held fram i lett kupert terreng. Legg merke til dei flotte søyle einerane du passerer. Desse er særmerkte for dette området og var ein viktig ressurs i tidlegare tider då folk laga gjerdestaurar av eine. 

Ein liten halvtime etter Veibergsætra, kjem du fram til Storhjellsætra. Her er det berre ruinar att etter sela, men landskapet er ope og gir flott utsyn. 

Frå Storhjellsætra går du same vegen attende. Om du har lyst på ein lengre rundtur, finst det fleire alternativ:

Frå stølen kan du finne råsa som går beint ned til Storhjelle. Dette er ei bratt rås, og du må vere merksam særleg i starten slik at du byrjar rett. 

Eit anna alternativ er å halde fram mot Storås, anten på øvsteråsa eller nedsteråsa. Du kjem fyrst til Toresætra, og kan halde fram på den gamle grusvegen ned skogslia til Hjelle. Sving til venstre/sør, og straks passerer du Storhjelle. Ved det siste huset på Hjellane svingar ein veg oppover til venstre til eit idyllisk tun. Gå opp her, gjennom tunet, og vidare på rås og traktorveg til Veiberg. Ved postkassestativet her er det skilta oppover gamlevegen "Kleivane", og du kan gå oppatt her, via utsynspunktet Kleivahammaren, til startpunktet på Kleiva. Heile rundturen er omlag 11 km og tek ca. 3 timar.

Tilkomst og parkering

Du kan parkere på Kleiva i det siste tunet. Parkeringsplass er merkt, like ved ein raud garasje. 

Frå sentrum i Eidsdal køyrer du opp til Eidsvatnet (omlag ei mil). Ta av nordover mot Kleiva og køyr vegen til endes, ca. 3 km.

Fottur
Grønn
Lengde
2,26 km en vei
Stigning
123 m
Tidsbruk
1 t. 30 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
574 moh
Merking
Merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,26

Offentleg transport

Det er bussrute til Kleiva berre når det går skuleskyss, så det er vanskeleg å basere seg på offentleg transport.

Kart

Turkart for Norddal kommune 1:50.000 Turkart for Stranda kommune 1:50:000
Køyreskildring
Print ut