English

Støene (Uri) Flemsvegen

Haram

Kort om turen

Dette er ein lett og fin tur, spesielt for barnefamiliar. Vegen er lett framkomeleg. Fint med eit stopp på Sandvika, her kan ein raste og gå seg ein tur på stranda. Turen kan nyttast heile året, du kan både gå og sykle. Fin grusveg, går fint med barnevogn. Vegen blir ikkje brøyta om vinteren. 

Ruteskildring

Turen startar ved parkeringsplassen, fortsetter på Flemsvegen mot støene. Etter ca 500m i ein slakk bakke nedover kjem ein til Sakshammarklubben «Klubben» ein flott fiskeplass. Vegen fortsetter vidar med ein slakk bakke oppover mot Sandvikhaugane, deretter ned mot Sandvika. Ei flott badestrand, her med muligheite for rasting ved strandkanten. Rastebenk står nede ved parkeringa ved Sandvika. Vegen går vidare frå Sandvika til Kvalsvika som er ein del av strandområdet. Frå Kvalsvika er det ca 600 m til Støene (Uri). Kjem til ei grind, og til venstre finn dere Stikk-UT-postkassa og postkassa til Nordøy Idrettslag. Dere tar samme vegen tilbake, men det kan vere vert turen inn til busetnaden/hyttene. Vegen endar nede ved sjøen. Ei lita badestrand i koselege omgivnadar. Denne turen er like fasinerandes i ruskevêr med mykje vind. Får kjenne på vinden sjå båra frå storhavet. Når vi har mykje snø så kjøyrer vi skispor. Veldig spesielt å høyre båra bryt når ein går på ski.

Tilkomst og parkering

For å komme til Flemsøy/Skuløy køyrer ein over Nordøyvegen frå Skjelten. Etter to av bruene tek ein til høgre i rundkjøyringa og gjennom tunnel til Austnes. Ta til venstre i rundkjøyringa og vidare langs Ullavegen til Ulla, så over Ullabrua vidare mot Flem. I krysset tek ein til venstre vidare på Flemsvegen mot Støene. Kjøyr ca 800 m frå krysset. Kjem til ei grind og ferist. Kjøyr over, etter ca 50 m kjem du til parkeringsplassen på høgre side. Starten på Stikk-UT turen.

Fottur
Grønn
Lengde
2,24 km en vei
Stigning
21 m
Tidsbruk
1 t. 10 min.
Høyeste punkt
19 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 4,48
Køyreskildring
Print ut