English

Slyngstad - Fannevatnet vintertur

Haram

Kort om turen

Koseleg og småkupert grusveg, som ikkje brøytast vinterstid. Mange går tur i området, og ved snøfall er det som regel trakka spor. Langeneset er eit naturleg turmål og ein fin stad for bålkos. Turen passar også for barnevogn og sykkel når det er snøfritt. Tur og retur same veg.

Ruteskildring

Parkering ved brua på oppsida av hovudvegen ved Slyngstad. NB: Parker ikkje ved, eller på, dyrkamarka på nedsida av hovudvegen! Det sperrar for tilkomsten for dei som bur nede ved sjøen, og øydelegg slåttemarka for grunneigar. Når det ikkje er tele eller snø, er det råd å køyre opp den bratte bakken i starten på turen til ein liten parkeringsplass på toppen. Gå grusvegen langs Slyngstadvatnet som etterkvart skiftar namn til Fannevatnet. Dette er langstrakt vatn som har to ulike namn i sør og nordenden. Langs vegen er det benkar og opparbeida bålplass.

Tilkomst og parkering

Ved brua på oppsida av riksveg 659 ved Slyngstad, eller, når det ikkje er tele/snø, på den vesle parkeringsplassen etter den bratte bakken i starten på turen. Unngå parkering på nedsida av hovudvegen.

Fottur
Grønn
Lengde
2,08 km en vei
Stigning
58 m
Tidsbruk
1 t.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
80 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 4,2

Offentleg transport

Buss-stopp Slyngstadelva
Køyreskildring
Print ut