English

Sandvikskaret

Herøy

Kort om turen

Sandvikskaret (98 moh) er det høgaste punktet på grusvegen mellom Sandvika og Tjørvåg. Dette er ein kort og enkel tur, men om ein ynskjer å gå lenger, kan ein fylgje merka sti opp til Skåla (rute 22) eller Sandvikhornet (rute 23). Startar ein i Tjørvåg, finst fleire moglegheiter for ein rundtur om ein går over Skåla. 

Ruteskildring

Det er grusveg (Skarvegen) heile vegen frå Tjørvåg (rute 20 på turkart) og Sandvika (rute 21) til Sandvikskaret. Det er som oftast lite snø her om vinteren, men sjansen er god for at nokon andre har trakka spor. Rett nedanfor Sandvikskaret er ein benk for dei som vil sitje og sjå litt på utsikta.

Tilkomst og parkering

Frå Tjørvåg: Følg Fv 654 til Tjørvåg. Parkering ved MH24. Grusvegen mot Sandvikskaret byrjar på andre sida av vegen, skilta «Sandvikhornet/Skåla»

Frå Sandvika: Følg Fv 654 mot Tjørvåg og deretter vidare mot Moltustranda/Fosnavåg-krysset. Ta til venstre (mot Moltustranda). Etter 1,1 km (i Sandvika), ta til venstre ved turskilt «Sandvikhornet/Skåla». Hald til høgre i kryss etter 0,1 km og køyr (roleg) forbi ein einebustad med gardshus til parkering rett før bomen.

Fottur
Grønn
Lengde
0,96 km en vei
Stigning
95 m
Tidsbruk
45 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
98 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0,96

Offentleg transport

Busstopp "Tjørvåg nord (Herøy)". Sjå også https://frammr.no/

Lenke til turskildring

Køyreskildring
Print ut