English

Rysseviktua via Storhanen - frå Moltustranda

Herøy

Kort om turen

Turen til Rysseviktua kan gåast frå ulike utgangspunkt, men denne ruta går via Storhanen. Om det er ynskeleg med ein litt lettare tur, dog noko lengre, så kan ein velje ei lettare rute frå anna utgangspunkt. 

Ruteskildring

Turen startar ved parkeringplassen merka turparkering på Moltufjellet. Litt svak kort stigning på asfalt, før tek av mot venstre ved Kviletua merka Storhanen. Gå ca. 400 m på grusveg i svak stigning. Følg råsa merka mot Storhanen. Den første delen er lett myrlendt på flat sti. Etter ca 500 m går råsa relativt bratt opp på grus/stein oppover til toppen av Storehanen. Vidare frå Storhanen går det rås der første del av den er litt våt over myra, men stien er godt merka med raude pinnar. Fordi det våte området er turområdet vidare flatt og vidde-aktig i lett terreng. Godt merka heilt til Rysseviktua. 

Tilkomst og parkering

Følg Fv 654 mot Fosnavåg og ta av til venstre i krysset  Moltustranda/Fosnavåg mot Moltustranda og følg vegen vidare ca. 5 km på Fv 10 til de kjem til Coop Moltustranda. Ta av til venstre og følg Nygjerdevegen vidare oppover bygda og vidare til fjellet. Frå parkeringa på Kvia/parkeringsplassen merka med P-skiltet for turparkering.

Fottur
Blå
Lengde
6,48 km tur/retur
Stigning
365 m
Tidsbruk
2 t. 35 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
457 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0,5
Sti 2,8
Køyreskildring
Print ut