English

Reindalsætra

Fjord

Kort om turen

Fin familietur langs Zakariasvatnet, forbi den brusande Reindalsfossen og opp til frodige Reindalen, ein inngangsport til Tafjordfjella og Reinheimen nasjonalpark. Turen følgjer DNT-ruta til Reindalseter turisthytte. Ta gjerne ein avstikkar til den imponerande 96 meter høge Zakariasdammen før turstart.

Ruteskildring

Følg stien som er merka som DNT-rute langs Zakariasvatnet omlag 2 km,delvis steinete rås, men lett å gå. Ved enden av vatnet går stien oppover til Reindalsfossen og kryssar elva på bru ovanfor fossen. Vatnet buldrar nedover og stien går somme stadar like ved fossen, så pass på!

Ovanfor fossen flatar stien ut ved Sildevatnet, før det kjem ein bratt kneik oppover til Haugane. Vel oppe opnar landskapet seg mot Reindalen og fjella ikring, siste del av turen går i jamt terreng innover mot sætra.

Tilkomst og parkering

Frå Valldal sentrum køyrer du gjennom Fjørå-tunnellen og følgjer fv. 92 mot Tafjord (12 km).

Frå Tafjord er det om lag 10 km til turstart ved Zakariasvatnet. Følg skilting til Zakariasdammen/Reindalseter, og ta sideveg til venstre 300 meter etter demninga.

Parkering på merka p-plass. NB Det er ikkje høve til å parkere framfor kraftstasjonen då dette kan hindre driftstrafikk.

Fottur
Blå
Lengde
5,11 km en vei
Stigning
371 m
Tidsbruk
3 t. 30 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
747 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 10,22

Anna

Reindalen er ein vakker dal med gammal furuskog rikt planteliv. Reindalen ligg i Tafjord-Reindalen landskapsvernområde, ikkje langt unna grensa til Reinheimen Nasjonalpark.

Les om vasskraftutbygginga i Tafjordfjella 

Film om bygging av Zakariasdammen i Tafjord

Kart

Turkart Norddal 1: 50 000, Tafjordfjella 1: 50 000

Lenke til turskildring

Køyreskildring
Print ut