English

Postvegen frå Landedalen

Ålesund

Kort om turen

Den Trondhjemske postvegen går over Ørskogfjellet. Denne lille delen av Postvegen går på god skogsveg/sti i retning mot bygda Sjøholt. PS: Ver obs på brua over Tverrelva. Det er ikkje rekkverk og det veks mose og lyng på kanten. Pass godt på barna! På returen er det fin utsikt mot Ørskogfjellet. Turen kan forlengast i begge retningar.

Ruteskildring

Frå parkeringa går du etter nokre meter på skrå opp til venstre på nyanlagt grusveg som fører inn i undergang under Europavegen. Her fortset du rett fram på grusvegen som ganske raskt går over i skogsveg. Postvegen går i rette linjer. Vegen går over ein liten ås og går etterkvart nedover igjen mot Tverrelva. Her er det ei historisk bru som det står informasjon om på ein plakat og stein like ved. Turen kan vere ein liten "ut å strekke på beina tur" når du er på biltur over Ørskogfjellet. 

Tilkomst og parkering

Parker på skilta parkeringsplass til Postvegen langs E39 mot Ørskogfjellet. Parkeringa er skilta frå begge retningar på Ørskogsida av Ørskogfjellet og ligg i den delen av vegen som har krabbefelt.

Fottur
Grønn
Lengde
1,17 km en vei
Stigning
51 m
Tidsbruk
40 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
249 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0,4
Sti 1,9

Offentleg transport

Ja. Fram Ekspress går forbi kvar time.

Kart

Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut