English

Øvsteråsa på Lepsøy

Haram

Kort om turen

Turen til Øvsteråsa kan ein gå heile året.  Med berre 15-20 min gange møter du storhavet, utsikt mot nydelege Rået med vikinggraver og unikt kystlandskap.

Ruteskildring

Frå parkeringa går du 150 m på grusveg før du møter eit skilt som viser veg til Øvsteråsa.  Ei unik turoppleving møter deg etter 15-20 min gange.  Etter ein slakk bakke i godt merka sti, kjem du til Øvsteråsa. Her kan du sitje på ein benk, opne postkassa og høyre songen "Øya vår". Du har nydeleg utsikt over storhavet og ned i Rået. Om du vel å gå vidare, er der godt merka sti ned til Rået, eller du kan vitje nord-Europas største sjøhellar, Rønstadhellaren, som ligg på nedsida av Øvsteråsa.  For over 100 år sidan stranda ei skute frå Shetland i Rået. Informasjon om denna ferda og kvinna ombord kan du høyre historia om i ei lytteboks i Colombinebukta, vika rett nedanfor Øvsteråsa.

Tilkomst og parkering

På Skjelten tek du av og køyrer Nordøyvegen til Lepsøy. Like etter at du kjem på land tek du av mot venstre, og køyrer Nedstevegen til du møter «øvstevegen», der du skal ta av til venstre mot Rønstad. Køyr til endes på vegen. Her kan du parkere bilen på god oppstillingsplass. Det er plass til ca sju bilar her.

Fottur
Grønn
Lengde
0,76 km en vei
Stigning
94 m
Tidsbruk
35 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
90 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus ,3
Sti 1,7

Lenke til turskildring

bit.ly/kulturstien
Køyreskildring
Print ut