English

Oaldsbygda

Fjord

Kort om turen

Turen går i hovudsak innanfor verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Oaldsbygda var eit heilt lite samfunn med 70 innbyggjarar. Velhaldne gamle gardar. Spesiell sti ned frå Oaldsegga - buføring i eldre tider. Fangstanlegg med bogestille. Naturvent.

Ruteskildring

Turen startar på rasteplassen på Eide, i nordvestenden av Eidsvatnet. Du følgjer fyrst ein kjerreveg langs vestsida av vatnet. Ved nokre hytter svingar vegen krapt vestover, og du startar på stigninga opp til Eidsheia. Råsa slynger seg bratt oppover den breie ryggen, midt mellom to større elvar. Det tek omlag ein time opp til turposten på Eidheia. Vidare følgjer stien den gamle telefonlina til Oaldsbygda, og vi går vidare oppover ryggen mellom elvene i litt slakkare terreng. Så kjem ei lita bratt stigning dels i ur, før det igjen slakkar av inn mot Oaldsvatnet. Ruta rundar rundt vatnet og går nesten i vasskanten til ein kjem omlag midt på vatnet på vestsida. Her ifrå svingar vi vestover i eit idyllisk område med mose og små bekkar. Råsa svingar oppover ein berghammar og skråar over ura mot det lågaste punktet på Oaldsegga. Vi kjem opp litt nedanfor telefonlina, og her ligg det ofte ein liten snøbre til langt ut på sommaren.

Frå Oaldsegga svingar vi litt søraustover, før ruta igjen singar mot fjorden. No følgjer vi den gamle råsa som bøndene rydda i ura for å kunne føre kyr og andre krøtter over, m.a. til marknaden på Veblungnes. Eit imponerande kulturminne! Ruta svingar seg så innatt mot ein markert rygg som går ved sidan av elva frå nedste vatne i Oaldslitledalen. Ruta fylgjer denne ryggen nedover før ho kryssar elva og held høgda eit lite stykke på nordvestsida av Storvassnibba. Men berre etter eit par hundre meter svingar råsa bratt nedover og litt attende mot elva.

Frå no er det bratt unna, kring 50-100 meter frå elva. Råsa er merka, men her er òg mange hjorteråser, så pass på! Når ein nærmar seg øvste garden, svingar råsa meir sørvestover, og ein kjem inn på bøen nordaust for tunet. Her forsvinn råsa i graset, så følg med kvar du skal gå på returen. Dette siste stykket går i lauvskog, så det er dårlegare med sikt, og ikkje så lett å orientere seg. Råsa går vidare ned til fjorden via Midtgarden og Seljefloten. Mogleg retur via Gomsdalen og Korsmyra. 

Tilkomst og parkering

Du køyrer fv.63 frå Eidsdal sentrum mot Geiranger. Parkering på rasteplassen på Eide, i nordvestenden av Eidsvatnet. Toalettanlegget her er ope i sommarhalvåret. På plassen er det informasjonstavle som fortel om turmoglegheitene i området.
Fottur
Svart
Lengde
12,0 km en vei
Stigning
924 m
Tidsbruk
5 t. ein v
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
1332 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 12

Offentleg transport

Det går bussrute mellom Eidsdal og geiranger, men berre få avgangar pr. dag. Sjekk ev. på https://frammr.no/

Anna

På Oaldsegga ligg eit fangsanlegg med mellom 10 og 15 bogestiller. Den rydda krøtterråsa frå Oaldsegga til Oaldslitledalen vitnar om eit utruleg slit med buføring i eldre tider. Telefonlina mellom Eidsdal og Oaldsbygda art reist på dugnad i 1930-åra. Oaldsvatnet er kjent som eit godt fiskevatn - hugs fiskekort (info i kasse rett etter turstart). Rik kulturhistorie knytt til alle gardane i Oaldsbygda - det var eit heilt lite samfunn med kring 70 fastbuande på det meste.

Kart

Turkart for Stranda kommune 1:50.000
Køyreskildring
Print ut