English

Nupen frå Stadion

Sande

Kort om turen

Turen til Nupen er ein lett tur med lite stigning. Vegen er asfaltert og turen kan gjennomførast med barnevogn og kanskje også med rullestol. God utsikt ut mot øyane i ytre Sande, Nystøylhornet og Bjørlykkehornet som ligg høgt over Hallefjorden. I helgane om sommaren kan turen kombinerast med ein matbit og kaffi på Kråen Gard.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen går du fv 5866 nordvestover forbi gardane Nygard, Storegjerde, Halle, Kråa og til vegs ende i Nupen.

Tilkomst og parkering

Køyr fv 61 mot Larsnes, ca 600 m nordafor sentrum tek du av frå fv 61 skilta mot Hallebygda og køyrer fv 5866 ca 400 m og parkerer på øvre parkeringsplass ved Larsnes stadion.

Øvre parkeringsplass ved Larsnes stadion.

Fottur
Grønn
Lengde
5,13 km tur/retur
Stigning
45 m
Tidsbruk
1 t. 25 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
18 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 5

Offentleg transport

frammr.no til Hallebygdskiftet. Då vert det 400 m å gå til rutestart.

Anna

Kråen Gard ligg ca 400 m før du kjem til enden av vegen i Nupen, om sommaren held dei open gardsbutikk med servering dei fleste søndagar og enkelte laurdagar. Nede i fjøra har dei laga til eit fint uteområde med rastebord der turgåarar kan ta ein rast, der er også vedfyrt badstove som ein kan leige. Opningstider og andre opplysningar finn du på facebook og internettsidene deira: kraengard.no

Kart

Turkart Sande Kommune, M711 1119 III, norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut