English

Mo kyrkje

Surnadal

Kort om turen

I mørketida er det alltid triveleg å sjå lys frå glas og lykter når du er ute og går, anten det no er snøvêr eller stjerneklårt. Viss ein går denne turen til Mo kyrkje, finn ein i tillegg i enden av ruta ei opplyst kyrkje. Her kan ein kjenne litt på den høgtida og roa som omgir ei slik bygning, før ein vender om og går turen tilbake.

Ruteskildring

Frå den skilta parkeringa ved Skarmo går du nordover etter den nye gang- og sykkelbanen, over Vinddølbrua og vidare gjennom Røv. Når du kjem til Røvsbrua, svingar du til venstre og går over brua. Fortsett så til du kjem til eit t-kryss. Her går du til høgre og vidare oppgjennom grenda til Mo kyrkje.

Tilkomst og parkering

Frå krysset ved Skei køyrer du ca. 10 km oppover Surnadalen i retning Trondheim. Her går Vinddøldalsvegen opp på høgre side av vegen. På andre sida av vegen ligg ein verstadbygning, tidlegare Skarmo verkstad. Sving til venstre og parker på skilta parkering ved verkstadbygningen.

Fottur
Blå
Lengde
2,88 km en vei
Stigning
43 m
Tidsbruk
1 t. 35 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
38 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 5,75

Offentleg transport

Ja, men det vil nok bli utfordrande å finne avgangar som passar.

Anna

Den snart 300 år gamle Mokyrkja er ei av veldig få kyrkjer i landet med y-form. Det er også funne ei båtgrav frå vikingtida ved kyrkja. Du kan lesa om denne på eiga infotavle ved kyrkja.

Køyreskildring
Print ut