English

Litletua frå Holesanden

Hareid

Kort om turen

Denne turen passar for dei fleste. Startat på skogsveg opp til Alskleiva. Derifrå er det skilta mot Litletua til venstre. Her går råsa i tett natur, med lauvskog. Det er også tau eit par plassar ved Grøtnakken der det kan vere litt klatrete. Men ikkje ein vanskelig tur. Flott utsikt når ein kjem opp, og vel verdt turen.

Ruteskildring

Turen startar ved parkeringsplassen framme på Holesanden. Du går til venstre, opp langs asfaltert veg til du kjem til krysset, og her tar du av mot venstre på grusveg. På venstre side har du gamle Snipsøyr skule, som i si tid var eit staseleg og viktig bygg. Du går gjennom eit par gardstun, og så vidare på skogsveg. Her er det skilta med turar til Ulsettua, Korshamna, Kvamstua og Blåtinden. Du finn sittebenkar langs vegen. Turen går i variert lauvskog, med stor planterikdom. Når du kjem opp til Alskleiva, er det skilta rås vidare mot Litletua. Her er naturen tett på. Eit par plassar er det også tau, der det kan vere fint å holde seg i når det blir litt bratt fjellparti ved Grøtnakken. Men desse er berre veldig korte, inne i lauvskogen. Kjekk og fin tur med superfin utsikt på toppen.

Tilkomst og parkering

Om du starter fra Hareid sentrum, køyrer du fram Hareidsvegen ca 4 km(mot Ulsteinvik). Når du kjem til Bigset, tar du av til venstre, der det er skilta mot Kvammen, 6 km. Du køyrer heilt til enden av Snipsøyrvatnet, og tar til venstre i krysset. Ca 300 m etter krysset kjem du til Holesanden. Her er det offentlig parkeringsplass på høgre side av vegen, med god plass til mange biler, sikkert 20 om ikkje fleire. Turen starter her.
Fottur
Blå
Lengde
3,27 km en vei
Stigning
367 m
Tidsbruk
2 t. 35 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
365 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 2
Sti 4
Køyreskildring
Print ut