English

Litleåsskagen - liten rundtur

Fjord

Kort om turen

Turen til Litleåsskagen er ein kort, lett tilgjengeleg tur som gir god utsikt over Norddalsbygda og mot Norddalsfjorden. På skagen finn du også ein gapahuk der turgjengen kan nyte nistenmaten. Fin liten tur for heile familien, og den kan fint forlengast opp mot Storåsnakken og mot Storås. 

Ruteskildring

Frå parkeringa på Hatlestad må du starte med å følgje bilvegen mot Litleås om lag 250m før du tek inn til høgre på ein skogsveg/sti ved ei ferist. Det er skilta mot Litleåsskagen. Herifrå er det ikkje brøytt sti på vinterstid, og det kan vere greitt å bruke truger dersom mykje snø. Elles er det ofte trakka eit spor. Du føl stien i lett, stigande terreng i 5-10min før du kjem fram til gapahuken og Litleåsskagen. På Litleåsskagen vart det i tidlegare tider brend jonsokbål, og feira midtsommar, og difor har staden også namnet Jonsokskjerva. Her kan du nyte utsikten over bygda og fjorden før du returnerer same veg, eller du kan halde fram med rundturen i retning Litleås. Råsa dit startar opp på baksida av gapahuken, og går i nesten flatt terreng gjennom variert skog. Dette er råsa som Litleåsfolket brukar til skagen. Etter om lag 400meter passerer du ei grind og du ser no husa/tunet på Litleåsen. Etter nokre få meter, svingar du til venstre i kanten mellom skog og dyrka mark, og tek inn på den gamle fjellvegen eit stykkje, før du etterkvart må ta deg ned mot bilvegen igjennom noko beiteområde. Vidare føl du bilvegen tilbake til parkeringa på Hatlestad. 

Dersom du ønskjer ein lengre tur, kan du frå Litleåsskagen følgje råsa som går oppover i brattare terreng (føl raud stikk-ut pil) mot Storåsnakken. Viss denne råsa ikkje er trakka av kjentfolk vinterstid, kan det vere vanskeleg å følge merka sidan dette vanlegvis er ein sommartur med god rås. Er du dyktig/heldig å finne råsa, vil turen by på flott terreng og god utsikt i fleire retningar. Frå toppen av Nakkjen kan du følgje slalombakken nedatt til Litleås, og veg tilbake til parkeringa på Hatlestad. 

Tilkomst og parkering

Sidan dette er lagt opp som ein vinter fottur, er det best å starte turen ved parkeringsplassen på Hatlestad. Hit kjem du ved å ta til venstre og køyre mot Norddal ved Eidsdal ferjekai. I Norddal svingar du oppover i bygda ved butikken og køyrer i om lag 2km før du svingar mot høgre over ei bru ved Engeset. Du held fram på asfaltert veg heile vegen opp forbi gardane på Hatlestad og til parkeringa på Hatlestad. Gratis parkering.
Fottur
Grønn
Lengde
2,05 km en vei
Stigning
105 m
Tidsbruk
50 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
575 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,5
Sti 1,5
Ingen sti 0,05

Offentleg transport

Skulebuss i skuleåret, frå Eidsdal ferjekai kl.14.00. På returen må du nok ta beina fatt. Raskaste veg går mot Eidsdal, viss du skal tilbake til ferja.

Kart

Turkart Norddal kommune, 1:50 000, Opptur Geirangerfjorden; tur 3-21: Litleåskagen og Storåsnakken
Køyreskildring
Print ut