English

Lidafjellet

Herøy

Kort om turen

Lidafjellet er ein rygg på 200 m som høgaste punkt, 640 m nord for Huldrehornet. Dersom ein går tur i «Huldrehornskogen» vil ein kanskje sjå turskiltet «Lidafjellstien».

Lidafjellet byr på fin utsikt mot Tjørvåg og vidare nordover. Sidan det ikkje skal mykje ekstra vandring til, blir denne turen skildra som rundtur - i staden for ein rute til toppen

Ruteskildring

Frå vassverket i Stemmedalen følgjer ein vegen mot Stemmedalsvatnet. Etter 0,4 km tek ein av på sti ved skiltet «Lidafjellstien 1,3 km». Dette er distansen til neste stikryss, som berre er 100 m etter toppen. Toppen manglar førebels toppskilt og turkasse.

Rundturen vidare; hald fram austover 100 m til eit stikryss (også merka «Lidafjellstien 1,3 km»), ta til høgre og gå 250 m ned til neste vegkryss. Dette er det mest sentrale krysset i «Huldrehornskogen». Her kan ein ta til venstre ned mot Myrvåg, halde fram rett fram mot Huldrehornet, eller ta til høgre ned til Stemmedalsvatnet. Følg stien ned mot Stemmedalsvatnet og så vidare tilbake til vassverket.

Tilkomst og parkering

Frå FV654 (mellom Myrvåg og Tjørvåg) tek ein av mot Stemmedalen Vassverk rett (Aurvågvegen) ved Aspevikvatnet. Det er ikkje skilt mot Vassverket, men det er turskilt mot Stemmedalsvatnet, Huldrehornet, Rjåhornet og Dyrkyrkja.

Følg vegen 0,6 km til parkering ved Stemmedalen Vassverk. Ver vennleg og parker der det er merka turparkering.

Fottur
Grønn
Lengde
3,93 km en vei
Stigning
197 m
Tidsbruk
60 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
200 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1,3
Sti 2,63

Offentleg transport

Busstopp rett før Aurvågvegen (vegen til vassverket)
Køyreskildring
Print ut