English

Lausundholmen over Lepsøybrua

Haram

Kort om turen

Det er ikkje anna enn spektakulært å gå brua over Lepsøyrevet, som saman med Hamnaskjersbrua til Lausundholmen knyt Lepsøya til fastlandet på Skjelten. Under den den 41 meter høge Lepsøybrua går skipsleia, og det er utruleg fasinerades å stå oppe på brua når til dømes Hurtigruten passerer under. 

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen på Skjelten følgjer ein gangvegen over brua som er avskilt frå køyrebanen med rekkverk. Etter eit kort stykke på gangvegen kan ein treffe på stengd port. Dette er viltsperre som kan opnast ved å trykke på ein knapp ved sidan av. Oppe på toppen av brua er det spektakulært utsyn over skipsleia. Og er du heldig passerer det ein båt under som du kan sjå ned på.
Det ærverdige Lepsøyrevet fyr ligg også godt synleg like ved brua. Og tek du turen sommarhalvåret kan du mange kveldar nyte ein fantastisk solnedgang frå brua. 

Når du er ferdig med Lepsøybrua kjem du etter kvart til rundkøyringa på Lisjelauka. Her fortsett du rett fram over Hamnaskjærsbrua mot Lepsøya. Turmålet med Stikk UT!-posten er ved benk på Lausundholmen, før du kjem i land på Lepsøya. Det er asfalt heile strekninga.

Tilkomst og parkering

Ved avkøyringa til lepsøybrua, frå Hildrestrandvegen fv 659, på Skjelten er det stor parkeringsplass. 

Fottur
Grønn
Lengde
2,97 km en vei
Stigning
0 m
Tidsbruk
1 t. 30 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
41 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 2,97

Offentleg transport

fram.no/mr. Det er busstopp ved parkeringsplassen før Lepsøybrua.

Anna

Rett ved sidan av parkeringsplassen på Skjelten ligg det nyoppussa og ærverdige Lepsøyrevet fyr. Det kan du lese meir om her: https://www.visitnorway.no/listings/leps%C3%B8yrevet-fyr/236637/ og er verdt å ta turen bortom. Ha respekt for ver og vind og gå ikkje ut til fyret dersom det bles og bølgjene slår inn på moloen.

Køyreskildring
Print ut