English

Laupsnipa frå Almestad

Sande

Kort om turen

Laupsnipa ligg på grensa mellom Sande og Herøy og kneisar høgt over Rovdefjorden med god utsikt i alle retningar. Gurskøy IL har trimpost på Laupsnipa.

Ruteskildring

Råsa byrjar på austsida av grushola på Almestad, går så gjennom skogen, over elva og over myrane og opp gjennom skogen i Kyrkjevegen, øverst i Kyrkjevegen går råsa over nokre bratte berg, når du kjem oppom dei deler råsa seg, ta då til venstre skilta mot Vasshornet, råsa gar då over myrane og opp på kanten, følg då ryggen tll toppen av Vasshornet, derifrå går råsa søraustover til Tempelskarvatnet og kjem inn på råsa frå Tødeneset. Dersom du ikkje vil gå over Vasshornet er det mogleg å gå frå Kyrkjevegen og kome inn på råsa frå Tødeneset ved Slokevatnet. Sjå turen Slokevatnet, Kyrkjevegen.

Tilkomst og parkering

Almestad i Gursken, Ta av frå fv 61 ca 100 m austapå dei austlegaste husa på Almestad, køyr ned ein traktorveg til ei grushole, parker her.

Fottur
Rød
Lengde
5,02 km en vei
Stigning
617 m
Tidsbruk
4 t. 5 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
562 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 10

Anna

Dei fleste som går på Laupsnipa startar i Voldneset, sjå turen Laupsnipa Herøy, men dersom du vil ha ein opplevingstur så gå Sandeturen, du får då med deg både Laupskeipen og området mellom Laupskeipen og Laupsnipa der det er fleire plassar der fjellet stuper nesten rett i havet. Omtrent midt i mellom Laupskeipen og Laupsnipa er der ei 40 m lang sprekke som viser at eit stort område er i bevegelse og ca 2 million m3 steinmasse kjem til å rase ned i Rovdefjorden ein gong i framtida.

Køyreskildring
Print ut