English

Langøya

Surnadal

Kort om turen

Turen til rasteplassen i Langøya i Vinddøldalen er ein lågterskeltur som passar dei fleste. Du går innover dalen etter grusvegen som svingar seg langs elva Vinddøla. Her er det mange idylliske plassar å raste på og mykje vakker natur å studere!

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen ved Pebua går du forbi bommen og fortsett etter vegen innover dalen. Etter ca. 2,2 km finn du rasteplassen i Langøya på høgre side av vegen, mellom vegen og elva.

Tilkomst og parkering

Frå Skei i Surnadal køyrer du ca. 10 km oppover Surnadalen (i retning Rindal). På Skarmo svingar du til høgre inn på Vinddøldalsvegen. Her betalar du bompengar før du køyrer vidare oppover og innover i dalen. Etter ca. 3,5 km er du komen til bommen ved Pebua. Her parkerer du bilen.

Fottur
Grønn
Lengde
2,21 km en vei
Stigning
8 m
Tidsbruk
1 t. 10 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
340 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Nei

Anna

Vinddøldalsvegen er bomveg. Betaling med kort.

Køyreskildring
Print ut