English

Langenestinden

Ørsta

Kort om turen

Variert tur til ein flott utsiktstopp ved Hjørundfjorden. Slak stigning inn til Fladalsvatnet, før bratt oppstigning frå vatnet og til topps. Fladalsvatnet kan vere eit fint turmål i seg sjølv. Det er storslagen natur å vandre i opp til vatnet.

Ruteskildring

Start ved kraftverket. Første del av turen går på grusvegen i ca 800 m. Gå vegen heilt til endes til eit lite bygg. På sørvestsida av bygget fortsetter du turen inn Fladalen på god sti. Etter ca 400 m (540 m.o.h.), skal du krysse elva (N62° 15.946' E6° 23.273'). Stien går vidare på ein morenerygg mellom to elveløp. Du har flotte tindar på alle kantar når du går inn dalen her.

Det er ca 2 km frå der stien startar og inn til Fladalsvatnet. Når du kjem inn til vatnet, skal du krysse elva og skråe mot høgre. No startar ei bratt oppstigning mot toppen, ca 400 høgdemeter. Du finn gode bildeforklaringar i turomtalen lenger nede.

Stien opp til toppen er grei å finne, her er litt vardemerking særleg i starten. Det er ikkje teknisk vanskeleg å gå her, men nokre kan nok likevel finne det litt urfordrande fordi det er bratt. Pass på at du ikkje løyser stein!

Når du når toppen, får du ei fantastisk utsikt! Gi deg tid til å nyte den før du startar på returen

Tilkomst og parkering

Frå Festøya: Ta av mot Standal og køyr Hjørundfjordstranda til du kjem til Store Standal. Her svingar vegen seg oppover (Standalsvegen). Følg denne til du kjem til eit Tussa-kraftverk, like etter siste sving. Knapt 300 m.o.h. Frå Ørsta: Følg FV 655 mot Sæbø i knapt 5 km til Høgebrua. Ta av til Follestaddalen. Du kan køyre på begge sider av dalen. Fremst i dalen følger du vegen rett fram (Øyadalen/Standalveg) i ca 7 km. Du passerer m.a. Myklebustsætra og Standalhytta. Parker ved kraftverket
Fottur
Rød
Lengde
8,54 km tur/retur
Stigning
926 m
Tidsbruk
4 t. 30 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
1152 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1,54
Sti 7

Kart

norgeskart.no og Sunnmørskart

Lenke til turskildring

Her er ein god turomtalen frå 2015: https://fjellglede.blogspot.com/2015/08/langenestinden.html. Stien har blitt tydelegare sidan 2015.
Køyreskildring
Print ut