English

Kvilehytta på Moltu

Herøy

Kort om turen

Turen inn til Kvilehytta på Moltu går i svak stigning i enkelt terreng.  Vinterbrøyta veg. Passar godt for alle heile året, som del av ein treningstur eller som søndagstur i lag med dei minste.  

Ruteskildring

Frå parkeringa på Kvia følgjer du vegen oppover og innover dalen.  Her er det brøyta veg fram mot krysset like før Klovsteinen, og vegen som går vidare innover Moltudalen, og til Mørkevatnet.  Du går innover vegen frå parkeringa svakt opp mot krysset der Kvilehytta ligg.  Her er det råd å kose seg med bøker og spel, og du kan nyte lyset og utsikta innefra - eller utanfrå hytta. 

Fint turterreng om du vil meir på tur. 

Tilkomst og parkering

Kjør på fv 5868 til Moltu, og ta av ved Coop på Moltu på Nygjerdevegen. Du følger vegen fram til parkering på Kvia. Skilt med turparkering.
Fottur
Grønn
Lengde
1,34 km tur/retur
Stigning
24 m
Tidsbruk
25 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
218 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0,67
Køyreskildring
Print ut