English

Koppefjellet frå Rotevassætra

Volda

Kort om turen

Koppefjellet er eit fint turmål med flott utsikt. Den er også ein topp som får vitjing på rundturar, t.d. Hestehornet-Vatnenipa-Koppefjellet. Det ligg enno litt snø i høgda. Anbefalar difor å tenke på rett fottøy og evt. ta med stavar 

Ruteskildring

Ruta er merka. Store delar av ruta har svak sti eller ikkje sti i det heile, så følg med på merkinga slik at du finn beste ruta til topps. På Rotevassætra går du sti rett opp, på venstre side av eit grått sel. Du passerer ein steingard og nokså snart etter denne skal du svinge til venstre og gå opp gjennom fin bjørkeskog. Her er det stort sett sti, men også ein del dyretrakk. Når du kjem ut av skogen har du fin utsikt ned på setra. Det er sti eit lite stykke vidare, men etterkvart forsvinn den og då følger du merkestaurane vidare til topps

Tilkomst og parkering

Enklaste tilkomst, dersom du har bil, er å køyre bomveg til Krøvelsætra og gå frå Krøvelsætra over til Rotevassætra. Frå Volda sentrum: følg E39 mot Stryn, ta av mot Vikebygda. Følg vegen heilt over Krøvelseidet. Omlag 1 km etter der vegen smalnar og like etter nokre svingar, ser du ein skogsveg (Nygjerdsvegen bomveg). Køyr skogsvegen til endes. Du kan også gå eller sykle skogsvegen som startar i Botnavegen, knapt 400 m etter å ha tatt av frå Vikebygdvegen. Skogsvegen er om lag 4,5 km
Fottur
Blå
Lengde
1,88 km en vei
Stigning
552 m
Tidsbruk
2 timar
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
938 moh
Merking
Merket
ß
Mobildekning
Nei

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Ingen sti 1

Anna

På Rotevassætra er det eit grindbygg som er ope for alle. Det kan vere svært vått mellom dei to setrane

Kart

Turkart Volda

Betalingsmiddel for bomvei

Vipps eller betaling til konto
Køyreskildring
Print ut