English

Klovane skitur frå Holtane

Sande

Kort om turen

Klovane ligg på sørsida av Sædalsvatnet med god utsikt ut mot havet og til dei ikringliggande fjella og med sikteskive som fortel kva dei heiter. Gjerdsvika IL har trimpost på toppen. OBS Svært bratt utføre på nordsida, 300 hm rett ned til Sædalsvatnet.

Ruteskildring

Start ved vassverkshuset på Holtane. Gå ned og bak på austsida av vassverkshuset, følg den merka råsa ca 200 m, ta så til venstre og gå på vestsida av ein liten topp og sving så austover og bak den, gå så nordvestover og kryss Brekke-elva på brua, gå så nordvestover på nordsida av Sæssvatnet og hald jamn stigning ut til Klovane. Dersom du vil ha ein rundtur er det mogleg å legge returen på sørsida av Sæssvatnet, Sjå skituren Sæsshornet.

Tilkomst og parkering

Holtane i Gursken. Ta av frå fv 61 ved BEST stasjonen ved Skogevatnet, køyr fv 5864 ca 600 m og ta til høgre i vegkryss etter Jan Åge Fjørtoft stadion, køyr opp på Brekkane, ca 450 m, ta til venstre og køyr til vegs ende ut på Holtane, ca 500 m, parker her. Her er vanlegvis brøyta heile vinteren pga vassverket.

Ved vassverkshuset på Holtane. 

Skitur
Rød fjellski
Lengde
4,41 km en vei
Stigning
350 m
Tidsbruk
2 t. 10 min.
Sesong
Vinter, Vår
Høyeste punkt
504 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Anna

Både Sæssvatnet og Sædalsvatnet er drikkevasskjelder.

Kart

Turkart Sande kommune, M711 1119 III, norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut