English

Kimen

Haram

Kort om turen

Ein kort, men fin tur. Startpunktet og første del av turen er det same som turen til Æafjellet.

Ruteskildring

Frå parkeringa kryssar du vegen og går på grusveg så langt den går. Gå forbi ei utdatert fotballbane på høgre side, forbi ei grillhytte og opp gjennom skogen. Når du kjem ut av skogen, ta til høgre. Gå på sti langs skogen. Der skogen sluttar, går du på skrå opp langs ein opptrakka sti. Den kan vere litt våt og glatt. Når du kjem opp til toppen, kjem du til ein ny skog. Gå gjennom den og der kjem du til ei postkasse med kode. Når du har registrert deg, kan du sette deg på benken og nyte den fine utsikta, både utover havet, mot øyane lengre sør og innover fjella. 

Tilkomst og parkering

Når du kjem ut av Nogvafjordtunnelen - Fjørtofta sør, ta av til venstre etter busstopp og parker på opparbeidd parkeringsplass.

Fottur
Grønn
Lengde
1,49 km en vei
Stigning
59 m
Tidsbruk
55 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
73 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0,5
Sti 1,0

Offentleg transport

Buss, sjå Frammr.no eller bruk Fram sin app.
Køyreskildring
Print ut