English

Hyllrabben

Surnadal

Kort om turen

Denne er ein idyllisk tur under trekronene, og går i lett kupert terreng etter grusveg utover langs Åsskardfjorden. Turmålet er trimposten til Bæverfjord og Bøfjorden  i.l. ved Hyllrabben, på bytet mellom Åsgard og Bø.

Ruteskildring

Frå skilta parkering neafor kyrkja går du over den vesle brua og fortsett enkelt og greitt etter grusvegen utover fjorden. Etter vel 3 km kjem du til Hyllrabben der både  Bøfjorden i.l og.Bæverfjord i.l. har trimturmål. Her er det også ein benk du kan raste på. Viss du fortsett vidare etter vegen, kjem du til Bølandet. Denne posten kan difor lett også nåast med Bøfjorden som utgangspunkt.

Tilkomst og parkering

Viss du kjem frå Halsa/Bøfjorden, svingar du til høgre rett etter Åsskard kyrkje. Kjem du frå Skei, tek du av til venstre i svingen rett før kyrkja.  Køyr ned vegen mellom kyrkja og kyrkjegarden. Ved eit kryss ca. 100 meter nedi bakken finn du skilta parkering på venstre side.

Fottur
Grønn
Lengde
3,13 km en vei
Stigning
72 m
Tidsbruk
1 t. 45 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
29 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 6,26
Køyreskildring
Print ut