English

Huldrehornet på Gurskøya

Herøy

Kort om turen

Huldrehornskogen" er ein spennande skog med gamle furutre og ulike lauvtre før ein kjem opp over tregrensa og får flott utsikt. Her er fine turstier frå mange kanter som alle fører deg til topps på 271 moh.

Ruteskildring

Ruta er merkt med  nummer som du vil finne på tavla ved start. 

Rute nr. 5: Djupvikvatnet – Huldrehornet vestsida av Djupvikvatnet går det to merkte ruter til Huldrehornet. Denne er den nordlegaste og startar ca. 350 m sør for parkeringa Følg grusvegen til du ser starttavle og skilt "Huldrehornet 

Dette er den mest brukte ruta til Huldrehornet. Det er tydeleg sti opp gjennom skogen. Nokre parti kan bli litt blaute etter regn. Over skoggrensa følgjer du snauryggen til topps.  

Stiane gjev òg høve til fine rundturar, og frå toppen går det merkt sti vidare til Rjåhornet, 598 moh. Nokon hevder at det er den lågare knausen rett aust for toppen som er Huldrehornet, men her følgjer vi Kartverket som har Huldrehornet som høgste punktet. I Djupvika er det vanleg å bruke namnet Nipa på toppen. I riktig gamle dagar vart toppen kalla Djupvikehorn - eit namn som sikkert hadde stått seg godt i dag òg. For den som liker å klyve litt byr sørvestsida på bratt og utfordrande terreng. Elles er fjellet lett tilgjengeleg for dei aller fleste. 

Merkt med skilt og stikker med refleks. Turbok på toppen. 

Tilkomst og parkering

Rute nr. 5: Djupvikvatnet - Huldrehornet Følg fv. 654. Frå Fosnavåg tek du av 2. avkjøring til høgre etter Aurvågtunellen, Myrvågvegen. Frå Hareid følg fv. 654 og ta av til venstre første avkjøring etter Kiwi/Pekas, Myrvågvegen. God plass til parkering.

Fottur
Blå
Lengde
1,06 km en vei
Stigning
250 m
Tidsbruk
1 t. 10 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
271 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0,3
Sti 0,8

Offentleg transport

Kart

Lenke til turskildring

Køyreskildring
Print ut