English

Hildredalen

Haram

Kort om turen

Turen til Hildredalen går på grusveg i god standard. Etter stigninga kjem du til det idylliske Hildrevatnet med nærleik til fleire flotte fjell, mellom anna Gamlemsveten. På veg nedi gjen får du ei flott utsikt mot Nordøyane og skipsleia.

Ruteskildring

Følg grusvegen oppover til du kjem til ein bom. Denne går du forbi og passerer ganske snart også skyteområdet til Hildre og Brattvåg skyttarlag. Vegen går vidare i slakk stigning, men med nokre mindre brattare parti. Når du er ferdig med stigninga og vegen flatar ut, kjem du snart til Hildrevatnet. Her er det langgrunt i nordenen og fint å ta seg eit bad i på varme sommardagar.

Vegen går så langs vatnet der det også ligg nokre hytter. Her er det også flotte fjell å sjå i nærleiken. Turmålet er ved snuplass forbi sørenden av vatnet. Her er det ein benk du kan kvile på før du tek turen tilbake. For dei ekstra spreke, som ønsker ein endå litt lengre tur, er det fint gå vidare til Tredjevatnet, om lag 1 km til lengre framme.

På veg tilbake får du nyte ei flott utsikt mot Hildrestranda med hav og øyar utanfor. Ekstra vakkert å sjå sola gå i havet sommarhalvåret.

Vegen til Hildredalen har godt grusdekke, og eignar seg også for sykkel og vogn, eller ski om vinteren når om forholda ligg til rette for det. Ein kan nok også nytte elektrisk rullestol langs vegen når det er tørt.

Tilkomst og parkering

Frå Hildrestrandvegen tek du av ved skilting til skule. Følg vegen rett fram til du passerer ei bru som går til byggefeltet Dalmo. Om lag 50 meter forbi kan du parkere på høgresida.

Fottur
Blå
Lengde
3,04 km en vei
Stigning
151 m
Tidsbruk
1 t. 55 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
171 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 3,04
Køyreskildring
Print ut