English

Hesthamna

Gjemnes

Kort om turen

Flott tur kor du raskt kjem opp i høgda med ei fantastisk utsikt. Ved klårt vêr ser du i nord vindmøllene på Smøla, vidare Tustnafjella, fjerne toppar i Trollheimen, du ser innover nesten heile Sunndalsfjorden med Sunndalsfjella omkring, du ser toppane rundt Eikesdalen, og du ser Romsdalsalpane. Reinsfjellet tronar i vest. Nede ved Flemsetervatnet er det ein flott bålplass/grill og gapahuk.

Ruteskildring

Parkering på Flemsetra. Gå langs FV291 i retning Flemma. Etter 150 meter går det grusveg heilt opp til Flemsetervatnet. Når du kjem opp til vatnet er det ein flott rasteplass med gapahuk, grillplass og fantastisk utsikt mot Reinsfjellet. Vidare går turen langs austsida av (til høgre for) vatnet langs grusvegen, før det er skilta mot Hesthamna opp Svanalia. Her går turen vidare på skogsveg, delvis ganske bratt, før ein kjem inn på sti. Turen er merka med oransje frå grusvegen ved vatnet. 

Tilkomst og parkering

Skilta turparkering på Flemsetra (ved Flemsetervegen 422). Det er også mogleg å spare nokre høgdemeter og køyre dei 800 metera opp grusveen til bommen like før Flemsetervatnet, og parkere på lunningsplass på begge sider av vegen før bommen. Bomavgift kr. 20,- (Vipps eller kontooverføring.) 

Fottur
Blå
Lengde
3,04 km en vei
Stigning
390 m
Tidsbruk
2 t. 30 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
517 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3

Kart

turkart for Kristiansund

Betalingsmiddel for bomvei

Bomavgift kr. 20,- (Vipps eller kontooverføring.)
Køyreskildring
Print ut