English

Heltnelihuken

Volda

Kort om turen

Turen til Heltnelihuken er lett tilgjengelig frå Volda sentrum og kan gjennomførast til alle årstider. Kort tur på god skogsveg gjer at denne turen egnar seg godt som ein ettermiddagstur eller som eit turmål for dei minste. God skogsveg heilt fram til gapahuken gjer at turen kan gjennomførast med barnevogn og el. rullestol. 

Volda kommune har bygd nytt vassverk og vegen har vore stengd ei tid. No er den open, men her kan framleis vere anleggsarbeid, så vis varsemd!

Ruteskildring

Frå parkeringa ved Panoramavegen, følg skogsvegen i omlag 750 m til eit veiskille. Her skal du ta av opp mot venstre (sjå skilt). Fortsett oppover denne skogsvegen i om lag 300 meter og du vil sjå gapahuken og turmålet på di venstre side. Vel framme ved gapahuken har du flott utsikt over Volda sentrum, Voldsfjorden og Folkestad. Om du ønskjer ein lenger tur kan du gå vidare til mellom anna Turnhytta og Dinglavatnet - sjå eigen turskildring. 

 

Tilkomst og parkering

Frå rundkøyringa ved Høgskulen i Volda følgjer du fylkesveg 45 mot Vikebygda (Vikebygdvegen). Etter om lag 1 km tek du av til venstre opp mot Bratteberg. Følg Bakkelidvegen i 600 meter før du tar inn til venstre på Hjellbakkane. Følg vegen forbi Bratteberg skule, gjennom høgresvingen (der vegen endrar namn til Bjørnevegen) og vidare i om lag 800 meter der du tek venstre igjen opp mot Bergsvegen. Følg grusvegen opp til venstre til du kjem opp til den nye "Panoramavegen". Her kan du parkere. Er det fullt her, kan du parkere i ei lomme langs Bjørnevegen

Fottur
Grønn
Lengde
0,81 km en vei
Stigning
107 m
Tidsbruk
40 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
355 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1,83

Offentleg transport

Bussrute 340 frå Volda rutebilstasjon tek deg til Bratteberg skule. Herifrå kan ein følge gangveg på skrått opp gjennom byggefeltet på Bratteberg til grusvegen som tek deg vidare opp til høgdebassenget til Volda vassverk og starten på Stikk UT!-ruta.

Anna

Alternativ rute med mindre stigning: Start turen frå Volda skisenter. Det er ca 1,8 km frå Volda skisenter til Heltnelihuken (god skogsveg)

Køyreskildring
Print ut