English

Heimstevatnet frå Valldalssætra

Fjord

Kort om turen

Fin kveldstur frå Valldalssetra. Litt motbakke frå sætra, så slakt innover Fremstebotnen. Det er mogleg å gå vidare til Fremstevatnet og Espedalen, og vidare til Langsætrane i Stordal.

Ruteskildring

Frå turparkeringa følgjer du vegen vidare eit kort stykke til du kjem til ein skiltstolpe.Ta så til venstre på traktorveg oppover i terrenget, forbi seterevollen og fleire hytter, følg skilting.

Omtrent når du har passert siste hytta går vegen over i sti som du følgjere jamt oppover i terrenget, med elva nede til høgre. Etter omlag 300 høgdemeter opnar terrenget seg, kryss to elver og følg dalen innover. Dette er Fremstebotn. Litt stigning siste stykket opp til Heimstevatnet. 

Tilkomst og parkering

Følg fv. 63 frå Valldal sentrum, ta til venstre rett før brua på Myklebust, like ved eit oransjefarga hus, og følg vegen til Valldalssetra. Det er fleire sidevegar i starten av vegen; frå hovudvegen går vegen først rett fram ca 100 meter, før den svingar svakt mot venstre. Ta andre veg til høgre, mot nord, i eit kryss ved eit kvitt hus. 

Følg vegen vidare beint oppover mellom jordbæråkrar til du kjem til Myklebust vassverk. Her kan du parkere og gå vidare på grusvegen (2,5 km), eller betale bompengar for å køyre vidare. Parkering på merka p-plass, ei utkøyring/grushole like før du kjem til Valldalssetra. NB! Det er dyr på sætra om sommaren, dei kan vere nærgåande på parkerte køyretøy.

Fottur
Blå
Lengde
3,35 km en vei
Stigning
452 m
Tidsbruk
2 t. 50 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
823 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 6,7

Offentleg transport

Anna

Turen startar på Valldalssætra, ei nedlagt sæter. Hytteområde. Dyr på beite.

Ved Heimstevatnet er det ei lita hytte som blir brukt ved tilsyn av sauer på beite.

Flott oppmurt veg frå gammal tid langs Heimstevatnet. Det er mogleg å gå vidare mot Storreset, Espedalen og til Langsætrane i Stordal eller Bøstølen i Rauma.

Kart

Turkart Norddal 1: 50 000

Betalingsmiddel for bomvei

Vipps
Køyreskildring
Print ut