English

Gjersetdalen

Haram

Kort om turen

Turen går i god stigning på grusveg som svingar seg opp gjennom skogsida frå Gjerset til idylliske Gjersetdalen. 

Ruteskildring

Turen startar frå Gjerset og svingar seg i god stigning på køyrbar grusveg. Her får ein fort opp pulsen om ein går på, men tek ein det med ro så kjem ein seg opp utan å bli altfor sveitt. 

Turvegen går gjennom gammal granskog med fleire benkar og utsiktspunkt undervegs. Det kan også vere spennandes å luske seg nokre småturar inn i skogen og gå på oppdagingsferd der. Turmålet ligg eit lite stykke forbi der vegen flatar ut, ved snuplass/parkering. Turkassa er festa på gammal og krokete furu.

Dersom det er snø blir vegen normalt brøyta fram til turmålet. Vidare framover Gjersetdalen er det ofte oppkøyrde skiløyper som går langs Synnalandsvatnet til Brattvåg. I Gjersetdalen ligg også Gjersetvatnet og Gjersetdalen villmarksområde. Det er mogleg å gå vidare til andre fjelltoppar t.d. Hesten, Kjerringane, Tinden og Skulstadhornet. Vegen er også fin å sykle og mange brukar vegen som sykkeltrasé mellom Brattvåg og Gjerset.

Berre hytteeigarar og andre med løyve kan køyre opp vegen.

Tilkomst og parkering

Ta av frå fv 659 på Slyngstad mot Søvik. Etter ca 5 km, like etter å ha passert nokre merder i sjøen, ta av til høgre og inn på Grytastrandvegen. Ta til høgre igjen ved forsamlingshuset og køyr om lag 1 km tilbake til turvegens start der det er plass til 2-3 bilar. Alternativt kan ein parkere 3-400 meter lenger vest på tillaga parkeringsplassar for Gjersetdalen villmarksområde. 

Fottur
Grønn
Lengde
1,45 km en vei
Stigning
14 m
Tidsbruk
50 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
192 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut