English

Gapahuken ved Sandmyra rundtur

Sande

Kort om turen

Gapahuken ved Sandmyra vart bygd av FAU Larsnes oppvekstsenter og vart opna 30. september 2008. Gapahuken kan brukast av alle som besøker den, der er tillaga med rastebord og bålpanne, der er også det mest nødvendige av brannsløkkingsutstyr. I elva er der tillage badeplass. Frå gapahuken går der råser til mange av fjella rundt.

Ruteskildring

Frå parkering ved kyrkja går du fram i Dalen ca 750 m på asfalt og tek til venstre opp skogsvegen som byrjar ved vassverkshuset. Gå denne til vegs ende ca 750 m. Her kjem du til gapahuken.

Dersom du skal gå rundturen tek du til venstre rett før gapahuken, skilta mot Råkja og går råsa nordvestover på sørsida av Kjellavatnet til du kjem til eit råsdele. Her tek du til venstre kor det er skilta mot Råkja og går råsa vestover gjennom skogen. Du kjem etter kvart til ein traktorveg. Denne skal du følge til du kjem til dyrka mark. Her går du til høgre og følger råsa som går mellom traktorvegen og steingarden. Følg steingarden og vidare skogen ned til Råkja byggefelt. Gå så vegen ca 450 m på asfalt til kyrkja.

Tilkomst og parkering

Ta av frå fv 61 i vegkryss på nordsida av Larsnes sentrum skilta mot sjukeheim og kyrkje. køyr Sjukeheimsvegen/Prestegardsvegen ca 750 m og ta til høgre etter prestegarden. Køyr ca 100 m og parker ved kyrkja.

Dersom du ikkje vil gå rundturen, køyrer du vidare fram i Dalen ca 750 m og tek til venstre og parkerer ved vassverkshuset. Det er også mogleg og ta til venstre før prestegarden og køyre opp i Råkja byggefelt og parkere der.

Det er god parkering ved kyrkja og vassverkshuset, men begrensa med plass i Råkja.

Fottur
Grønn
Lengde
3,70 km en vei
Stigning
209 m
Tidsbruk
1 t. 30 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
213 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 1,2
Sti 2,5

Offentleg transport

frammr.no

Kart

Turkart Sande kommune, M711 1119 III, norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut