English

Gapahuken Holten

Stranda

Kort om turen

Gapahuken Holten gir ei fantastisk utsikt over Hellesylt sentrum og oppover bygda. Det er ein relativ kort tur, men med noko stigning. Den passar seg godt som ein ettermiddag- og kveldstur, men like godt som ein fin søndagstur med familien. Stien er flott opparbeida av frivillige og er godt merka.

Ruteskildring

Turen startar ved parkeringa i svingen "Ellingmyra" og går ganske bratt oppover gjennom skogen. Starten av turen er merka med skilt Gapahuken. Stien går gjennom skogen og opp til første kjenneteikn som er telesendaren på Ringdalen. Her er det fint å ta en pust i bakken og allereie her får du fin utsikt mot Hellesylt sentrum. Herifrå held du fram på stien og tek mot høgre i den lille stikrysset. Det er merka mot Ringdalsegga og Gapahuken her. Stien tek deg vidare oppover og er godt merka heilt til Gapahuken Holten som ligg på 425moh. Her er benk til å kvile på og ei flott utsikt over bygda. 

Sjølv om ein går i noko brattlendt terreng er dette ein tur som eignar seg for heile familien.

Her snur du og går ned igjen, om du ikkje vil gå enno litt lenger. Det er mogleg å gå heilt opp på Ringdalsegga og Hellesyltvarden som ligg på 994moh. Stien er merka også hit. 

 

Tilkomst og parkering

Parkering er i første svingen etter avkjøringa i toppen av boligfeltet. Denne er lokalt kalla «Ellingmyra» og ligg på 160 meter over havet. Her er det plass til cirka 4 biler.

Fottur
Grønn
Lengde
1,02 km en vei
Stigning
303 m
Tidsbruk
1 t. 20 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
425 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut