English

Gamlevegen til Øyna i Tafjord

Fjord

Kort om turen

Ein kort og interessant tur i det smale dalføret fram mot Zakariasdemninga. Gamlevegen er fint oppmura og ei kulturoppleving i seg sjølv. Biologisk mangfald med sjeldne artar.

NB! Startpunktet for denne turen er nedst i dalen, ikkje ved garden i Øyna (privat område).

Ruteskildring

Stien går ned skråninga på nedsida av bilvegen, kryssar elva på god bru og følgjer gamlevegen på austsida av det smale dalføret. Vegen er fint oppmura og går først i svingar oppover, før terrenget flatar meir ut gjennom skogen. Dette er den gamle vegen frå Tafjord og oppover Rødalen. Vegen er fin å gå for alle, men om du har med barn så ver merksam på nokre få punkt med bratte stup mot elva. Den nye vegen (bilvegen) går på andre sida av dalen.

Når du kjem fram til Øyna ser du rett mot den 96 meter høge Zakariasdemninga som var Nord-Europas høgaste då ho vart bygd i 1968.
Ved brua snur du og går same veg tilbake. NB! Det er ikkje høve til å gå gjennom tunet i Øyna.
Kodeplata for StikkUT-turen finn du på oppsida av turvegen, rett under kraftlinjene.

Det er spesielt fint å gå denne turen i starten av sesongen, med kvitveis langs stien og nyutspretta lauv på trea.
NB! Snøsmelting kan føre til stor vassføring i elva som må kryssast undervegs. 

Tilkomst og parkering

Frå Tafjord sentrum følgjer du skilting mot Zakariasdammen i ca 6 km. Vegen går langs Onilsavatnet. Når du passerer husa som ligg heilt inn til vegen i heimste Rødal er det omlag 700 meter til startpunktet for turen.
Der stien startar er det plass til parkering av 3-4 bilar. Elles er det mogleg å parkere langs vegen eller ved sidevegen til eit lager litt før startpunktet. Pass på at bilen ikkje er til hinder for trafikken. NB! Det er ikkje anledning til å parkere i Øyna (privat område).

Fottur
Grønn
Lengde
1,8 km en vei
Stigning
167 m
Tidsbruk
1 t. 20 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
349 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1

Anna

Biologisk viktig område
Turen går gjennom eit biologisk viktig område, rasmark med 130 ulike karplanter, kring 25 sommarfuglartar, svært sjeldne beitemarksoppar og raudlisteartar frå fleire artsgrupper. Den sjeldne mnemossynesommarfuglen finst her. Den er avhengig av planta lerkespore for å overleve, og det er det god tilgang til her.
Kjelde: Opptur Geirangerfjorden (Merete L Rønneberg/Finn Loftesnes)

Gjerdeløa
Den kjente Gjerdeløa frå ca 1630 stod opprinneleg langs gamlevegen. Kunstnaren Marianne Heske flytta løa til ei utstilling i Pompidou-senteret i Paris i 1980, for på den måten å setje lys på motsetningane mellom det internasjonale miljøet i i Europa og vesle Norge. Seinare kom løa tilbake til plassen sin, før den vart flytta til Henie Onstad-museet, Astrup Fearnley Museet, Aarhus Kunstmuseum og Kunstsiloen i Kristiansand.

Kart

Turkart for Norddal 1:50 000, Tafjordfjella 1:50 000

Lenke til turskildring

Les meir om Zakariasdemninga og vasskraft i Tafjord her: https://villekrefter.no/
Køyreskildring
Print ut