English

Fløyna på Valderøya

Giske

Kort om turen

Turen til Fløyna er ikkje så lang. Turen er litt bratt og ulendt somme stader og har nokre våre parti.

Ruteskildring

Fra parkeringen på skulen følger du grusstien mot venstre eit lite stykke, forbi gapahuken, til du ser ein natursti til høgre opp mot skogen. Følg den og ta til høgre når du møter stien som går langs fjellfoten. Følg stien vidare gjennom Eirikskogen, forbi leikeområdet, og til du ser stien som tek av til venstre opp mot fjellet. Ta av her og følg naturstien opp gjennom skogen til toppen. På toppen får du flott utsikt mot Ålesund og øyane rundt.

Tilkomst og parkering

Ta av frå riksveg 658 mot Valderøya anten rett etter den siste undersjøiske tunnellen, eller rett før brua over Gjøsundet. Følg hovudvegen til du ser skiltet mot rådhuset. Ta av her og køyr forbi rådhuset og ungdomsskulen. I vegkrysset på toppen av bakken tek du til høgre og følgjer vegen til den nye barneskulen. Parkering ved Valderøy barneskole

Fottur
Grønn
Lengde
1,06 km en vei
Stigning
109 m
Tidsbruk
50 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
147 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1
Køyreskildring
Print ut