English

Flemsetervatnet

Gjemnes

Kort om turen

Dette er ein idylisk tur etter grus- og turveg. Turen er lett å gå og trillevennleg. Når du kjem opp til vatnet er det ein flott rasteplass med gapahuk og grill. Herifra har du fantastisk utsikt ut over vatnet og opp til Reinsfjellet. Det er også fleire rasteplassar med benk langs turvegen.

Rutebeskrivelse

Parkering på Flemsetra. Gå langs FV291 i retning Flemma. Etter 150 meter går det grusveg heilt opp til Flemsetervatnet. Like før du kjem til vatnet er det eit vegskille med infotavle. Dette er utgangspunktet for rundturen rundt vatnet. Turen kan herifrå gåast både med- og motsols, og er her vidare skildra motsols. Frå skiltet går du rett fram mot vatnet, kor du finn ein flott rasteplass med gapahuk, grillplass og fantastisk utsikt ut over vatnet. Hald fram på grusvegen på høgre side av vatnet. Etter om lag 700 meter kjem du til Samendalen. Her er det både skilta kulturminne (tjæremile) og postkasse med turbok. Hald fram på grusvegen litt til, før du kjem over på turstien. Følg denne rundt vatnet til brua over Lauvbekken. Her finn du ein ny postkasse med Stikk UT!-kode. Følg turstien vidare i om lag 1,5 km til du møter ein grusveg. Her tek du til venstre, over Teppingbrua, og er tilbake ved skiltet. 

Turen er 6,3 km lang frå parkeringa ved fylkesvegen, og 4,7 km frå bommen like før Flemsetervatnet. Sjølve rundturen er på 4,3 km. 

Adkomst og parkering

Skilta turparkering på Flemsetra (ved Flemsetervegen 422). Det er også mogleg å spare nokre høgdemeter og køyre dei 800 metera opp grusveen til bommen like før Flemsetervatnet, og parkere på lunningsplass på begge sider av vegen før bommen. Bomavgift kr. 20,- (Vipps eller kontooverføring.) 

 

Fottur
Grønn
Lengde
6,27 km en vei
Stigning
167 m
Tidsbruk
2 t. 0 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
276 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Annet

Det er ei tjæremile like ved grusvegen ved Samendalen. Turen er mogleg med barnevogn og med ein kraftig elektrisk uterullestol. 

Kart

Turkart for Kristiansund

Betalingsmiddel for bomvei

Bomavgift kr. 20,- (Vipps eller kontooverføring.)
Kjørebeskrivelse
Print ut