English

Elvastien i Eresfjord

Molde

Kort om turen

Enkel og fin tur langs deler av elva Eira i Eresfjord. Du passerer fleire av fiskehølane der elva brekker seg slakt nedover i lave fossestryk eller sig stille forbi. Her kan du også få sjå laksen, enten gjennom det sylkåre vatnet eller at den gjer eit byks etter innsekt. Fleire gapahuker ønskjer deg velkommen til ein rast.

Ruteskildring

Denne turen kan du ta som ein rundtur. Først langs stien nedover langs elva. Deretter opp på fylkesvegen og tilbake til der du starta. Alternativt att og fram langs elva. Det er ingen bratte bakkar på turen. Temmeleg flat heile vegen..

Det er fleire små utkikkspunkt, og dei forskjellige fiskehølane er skilta med namn.

Vis omsyn til fiskere i elva.

Når du kjem nedover til skiltet Malstein og Sletthølen, etter om lag 2,4 km, avslutter du turen, tek av opp til venstre og følgjer traktorvegen opp til fylkesvegen.

Det er Nesset Jeger-og Sportsfiskarlag som har opparbeidd og held ved like stien. Følg skiltinga.

Tilkomst og parkering

I Eresfjord følgjer du fylkesveg 6012. Dette er hovedvegen på vestsida i bygda. Du følgjer denne (Slenesvegen) sørover til du er ved Kavli Moen, eller «Fred Kavli Science Center» som det står på skiltet.

Du parkerer på venstre side ved den asfalterte plassen rett attmed informasjonsskiltet. Her ser du også elvastien på kartet. Deretter følger du skiltinga for stien.

Fottur
Grønn
Lengde
4,35 km tur/retur
Stigning
62 m
Tidsbruk
1 t. 15 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
44 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 1,7
Sti 2,6

Offentleg transport

Nei

Kart

M711 1320 II Eresfjord eller Calazo Romsdalen 1:50 000
Køyreskildring
Print ut