English

Eidsheia på ski

Fjord

Kort om turen

Skituren opp til Eidsheia har relativt bratt stigning heile vegen opp frå parkeringsplassen ved Eidsvatnet. Du får tidleg flott utsyn over øvre Eidsdal. Frå Eidsheia opnar det seg moglegheiter for fleire turar vidare: Mest populært er det å gå på Nonshornet, Solskaret eller Oaldsvatnet. På Eidsheia er du om lag ved grensa til verdsarvområdet.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen på Eide går du rett vestover og kryssar over ein snødekt grasbø før du byrjar stigninga oppover på sørsida av elva frå Eidsheia. Etter ca. 450 meter kryssar du over elva på ei smal bru. Du held fram vidare oppover den breie lia mellom elva frå Eidsheia og elva frå Svartevatnet. Området har tidlegare vore ope og fritt for skog, men no er fjellbjørka i ferd med å overta området. Slutt på geitehald på Eide er hovudårsaka til dette. 

Terrenget er såpass bratt at dei aller fleste vel å gå i slynger oppover fjellsida. Turposten på Eidsheia ligg omlag der terrenget slakkar av vidare innover Eidsheia mot Solskaret. Posten er festa på ein gammal telefonstolpe. Her gjekk telefonlina vidare mot Oaldsbygda. 

Tilkomst og parkering

Parkering på brøytt (vanlegvis) parkeringsplass i nordenden av Eidsvatnet. Frå ferjeleiet i Eidsdal sentrum køyrer du mot Eidsdal og kjem til parkeringsplassen etter omlag 10 km.

Skitur
Rød fjellski
Lengde
1,44 km en vei
Stigning
440 m
Tidsbruk
1 t. 25 min.
Sesong
Vinter
Høyeste punkt
868 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Det er lite av busstilbod i Eidsdal, så dette er ikkje noko ein bør basere seg på.
Køyreskildring
Print ut