English

Duålia frå Osmarka (Heggem)

Gjemnes

Kort om turen

Grei tur som følger ruta til Duå før en liten avstikker. Veg/skogsveg i ca. 3 km, resten sti.

Ruteskildring

Turen startar ved Osmarka skistadion, og følger ruta til Duå heilt til du tek av mot Duålia. Følg grusstien i lysløypa i knapt ein kilometer til løypa kryssar skogsbilvegen. Ta til venstre og følg skogsvegen i om lag ein kilometer. Etter at du har passert elva (flombru og gangbru) og fortsatt nokre hundre meter, tek du til venstre inn på ein traktorveg (bomveg). Denne vegen følger du i godt over ein kilometer. Når du har kome opp bakken og eit par hundre meter til, tek du av vegen til høgre over ei lita trebru. Hit opp kan du ta med sykkel (off-road). Følge stien opp til Duålisetra. På setra kan du slå deg ned på ein benk og nyte utsikta. Gå forbi seterhuset og vidare langs gjerdet nordvestover mot Duå. Etter kort tid kjem du til eit stikryss kor du kan fortsette rett fram til Stortolla, men til Duålia tek du stien opp til høgre. Gå gjennom skogen og etter kvart over i meir myrlendt terreng. Du kjem etter etter nokre hundre meter opp i eit lite skar der du svingar til høgre opp på Duålia. Følg skilting og merking.

Tilkomst og parkering

Følg FV665 til Osmarka (Heggem). Følg skilting mot skistadion. Etter knapt 100 meter svingar du inn til høgre ved den nedlagte skulen. Parkering (gratis) mellom skulen og idrettsplassen.

Fottur
Blå
Lengde
4,41 km en vei
Stigning
354 m
Tidsbruk
3 t. 10 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
519 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 3
Sti 1

Anna

Du kan ta ein avstikkar til "Stortollå" som vart kåra til Norges største furu (tolle) for ein del år sia. Det er rundt ein kilometer tur/retur. Følg skiltinga like etter at du har gått forbi Duålisetra.

Kart

Norge-serien, Kristiansund
Køyreskildring
Print ut