English

Storådalen

Fjord

Kort om turen

Turen startar frå dei idylliske Langsætrane. Frå turmålet, er det fin utsikt over stølsområdet og Jolbotnen/Kleivabotnen (retning Tresfjord), samt innover mot Litlevatnet (retning Innfjorden). Ikkje minst ser du majestetiske fjell, som t.d.: Ørastolen, Rollsbottskorka og Dyrdalstinden. Storådalen er sjølvsagt også i seg sjølv verdt turen.

Ruteskildring

Turen til Storådalen startar frå idylliske Kvitlestølen, som saman med Puskenstølen utgjer det vi omtalar som Langsætrane.  På begge dei to stølane finn ein fleire sel frå den tida det var stølsdrift der. Etter å ha parkert, like etter at du har køyrt over brua til Kvitlestølen (ein kan sjølvsagt også parkere på Overøye og fylje vegen framover, evt lysløypa på nedsida av vegen) fyl du grusvegen oppover stølen.

Når ein er komen til enden av Kvitlestølen, startar stien ved brua over til Puskenstølen. Du skal ikkje over brua, men fylje stien som går på høgre side av elva. (Innfjordelva) Eit stykke etter stølen blir det litt stigning til ein er på høgde med Fokhaugstova, som ein ser på andre sida av elva. Etter eit lite stykke der det er ganske flatt terreng, tek du så av frå denne stien, som elles går vidare til Storvatnet. Du tek altså av til høgre retning Storådalen og då blir det etterkvart meir stigning, men likevel ikkje slik at det vert opplevd som luftig. 

I Storådalen er det to vatn, der det største heiter Ådalsvatnet. Turmålet derimot, er plassert ved det første vatnet de kjem til, etter at terrenget flatar ut. Denne plasseringa er valgt for at det skal vere endå enklare å finne fram. Her vil de også kome til ei karakteristisk stor steinhelle som ligg akkurat der dette første vatnet går over til å bli elv. Det er altså her kodeplata for Stikk UT er å finne. Frå sjølve turmålet, er det veldig kort veg vidare opp til Ådalsvatnet og vi anbefalar naturlegvis også denne siste lille strekninga. 

I Langsæterområdet ligg det også fleire andre Stikk UT! - turar. I tillegg til rundturen på stølen (Øyna rundt), kan vi anbefale både Storvatnet og Litlevatnet. For den som likar seg på luftige toppar, er naturlegvis Dyrdalstinden eit opplagt val.

Tilkomst og parkering

For å kome til Langsætrane og då Kvitlestølen, der turen startar, må ein ta av frå Fv 650 på Mo/Vad i Stordal. Det er skilta til Overøye ved Vad bru og ein svingar då inn på Fv 101 (5934). Etter at ein har teke av her, er det om lag 9 km att å køyre. Ein passerer etterkvart Arena Overøye (alpinanlegg) på venstre side. Like før ein er framme, deler vegen seg. Ein skal då svinge av til høgre retning Kvitlane og køyre over brua. Parkering på høgre side, rett etter brua. 

Fottur
Blå
Lengde
3,94 km en vei
Stigning
535 m
Tidsbruk
3 t. 20 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
906 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0,9
Sti 7

Anna

I sjølve Storådalen er det dårleg mobildekning.

Køyreskildring
Print ut