Om turen
Kommune
Stranda
Type tur
Skitur
Gradering
XX Blå
Lengde tur (km)
12,4
Lianibba
Turbeskrivelse - hvor skal du gå/sykle/padle/gå på ski
Start ved Tronstad ved ei busslomme. Gå over jordet og gjennom ei opning i granbeltet. Følg skilt til Tronstadsætra over ei bru. Ruta snor seg fint opp gjennom bjørkeskogen opp til Tronstadsætra, heile tida på høgre sida av elva. Frå sætra går du svakt til høgre og vidare bakover til Lianibba. Ruta gir seg sjølv. Truleg har nokon gått før deg så då kan du følge andre sine skispor.
Det er ingen bratte parti før du nærmar deg toppen. Då får du eit par småkneiker. Her kan det nok av og til vere hardt og avblåst, men det er ikkje særleg luftig og det er greit å nå toppen.
Vis varsemd på toppen, varden ligg heilt på kanten og du må vere obs på skavlar.
Er føret bra, får du ei lang og fin nedkjøring!
Tek du til venstre over elva ved Tronstadsætra kan du gå opp til Kvanngrønakken og Kårdalstindane. Det er også ein fin tur.
Startsted
Følg RV 60 mellom Hellesylt og Hornindal. Frå Hornindal: 4-5 km etter fylkesgrensa ligg Tronstad. Ved ein busstopp der det er ein garasje (ved Langedalsv. 772/774) startar turen. Her er det mulig å parkere. Viss det ikkje er plass her, må du finne ein annan høveleg plass. Nokre parkerer ved Ungdomshuset; ta av ca 150 m til venstre etter garasjen.
Parkering start
Sjå "Køyrerute til startsted"
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Ikke preparerte løyper | 12,4 |
Total lengde | 12,4 |
Stigning | meter | grader |
---|---|---|
Total stigning | 1183 | Høydemeter |
Offentlig transport
Buss mellom Stryn og Stranda
frammr.no
Kart
norgeskart.no